Reagerer på at det blei ringt med skjult nummer då karantenebeskjeden blei gjeven

Då smittesporingsteamet i Seljord kommune laurdag kveld ringde nærkontaktar som hadde vore innom Seljord helsesenter fredag, med den viktige bodskapen om karantene og testing, bruka dei skjult nummer ved somme tilfelle.

Laurdag 19. desember fekk Seljord kommune beskjed om positiv test for covid-19 hos ein person som er knytt til helsesenteret. Denne personen var på helsesenteret fredag. Då var det også andre innom helsesenteret. Ein av dei som var innom fredag reagerer på at kommunen brukte skjult nummer då dei ringde vedkomande laurdag kveld med beskjed om karantene fram til 28. desember og testtaking veslejoleftan.

– Det var ei dårleg oppleving at kommuneoverlegen ikkje hadde tid til å ringe meg opp att frå eit reelt telefonnummer då eg stilte spørsmål ved at opplysinga om karantene i joli kom frå skjult nummer, seier personen som nå sit i karantene og ventar svar på koronatest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lura på om det var tulletelefon

Nærkontakten, som ønskjer å vera anonym, trur mange av ulike grunnar vel å ikkje svare på oppringingar frå skjult nummer.

– Det heile verka uprofesjonelt. Eg lurte på om det kunne vera ein tulletelefon, seier nærkontakten.

Kommuneoverlege i Seljord kommune, Kine Jordbakke, forklarar at det var fem personar som jobba med smittesporing denne laurdagen og at det berre er ein smittesporingstelefon i Seljord kommune. Dei som gjer jobben ønskjer ikkje å bruke sitt private nummer. Ho meiner det der og då var uvesentleg om det blei brukt skjult nummer under kommunens handtering av pandemien og legg til at dei fem var under eit høgt press for å nå ut til flest mogleg nærkontaktar på kort tid.

– Alle me ikkje får svar hos ved å ringe opp får i tillegg ei tekstmelding frå eit smittesporingsprogram. I tekstmeldinga kjem det klart fram at meldinga er frå smittevernmyndigheitene i Seljord kommune, understrekar kommuneoverlegen.

Skjult nummer: Kommuneoverlege Kine Jordbakke og resten av smittesporingsteamet ringte somme av nærkontaktane med skjult nummer då dei dreiv smittesporing laurdag kveld. – Me ser at dette kan bli misforstått og orsakar for ulempa det kan ført til, seier kommuneoverlegen.

Kan bli misforstått

– Me ser at dette kan bli misforstått og orsakar om det har ført til ulempe for nokon. Me skal ta ein gjennomgang av det tekniske og gjera det me kan for at ikkje skjult nummer blir brukt under neste smittesporing. Men det aller viktigaste er likevel å få gjeve raskast mogeleg beskjed til dei det gjeld, seier Jordbakke.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide meiner at i desse dagar må folk ta telefonen frå alle nummer for å vera sikker.

– Også skjulte nummer, legg ho til.

Ordføraren vil ikkje ut med kor mange som er sett i karantene etter smittetilfellet på Seljord helsesenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me går i utgangspunktet ikkje ut med slike tal så lenge det ikkje er noko spesielt. Dei aktuelle nærkontaktane er blitt kontakta på vanleg vis, seier ho.

I joli vil det vera to arbeidslag og tre smittesporingsteam i gang.

– Så langt har me bare eitt smittetilfelle i Seljord. Situasjonen er under kontroll, så det er ingen grunn til panikk, sa ordføraren til VTB måndag ettermiddag.

Les også
Seljord innfører ekstra sikringstiltak knytt til korona-situasjonen