Vil steinsetje bryggjekanten
Vegen ut til gjestebrygga i Kviteseid kan gje ein sjøgang før ein i det heile har kome seg ut på vatnet. Torsdag gav kommunestyret klarsignal for utbetringar.
Den eksisterande bryggjekanten ut mot gjestebryggja i Kviteseid er bygd i tre og har over åras løp blitt svært skakk. Torsdag gav kommunestyret klarsignal for utbetring av promenaden mot gjestebryggja.
Det er sett av kring tre millionar kroner til ny gjestebryggje og pengane kjem frå det frie næringsfondet. Ordførar Torstein Tveito ynskte klarsignal frå kommunestyret på planane om å leggje steinmurar i staden for trebryggja langs kanten mot ei ny gjestebryggje, i same stil som Bryggjeparken.
Artikkelen held fram under annonsen.
I handsaminga i kommunestyret var det fleire av politikarane som uttrykte uro for om pengane ville strekkje til, men ordførar og rådmann forsikra om at det ikkje ville bli eit problem.
– I den grad ein ikkje kjem i mål, vil saka koma tilbake i kommunestyret. Me reknar med at me har til heile bryggja, sa rådmann Øystein Tveit.
Kommunestyret gjekk samrøystes inn for planane om å steinsetja bryggjekanten mot ei ny gjestebryggje. Rådmannen vil utarbeide ei totalentreprise.