Anund Versto som prost (t.v.) og Hans Brattestaa som biskop ser storøgde på tenesteguten Dreng (Inge Nilsen) som har henta ei hovudskål til presten Zakarias Skancke (Ragnar Haugstøl) midt på natta. Bakom lurar nok ein tenestegut, Kjetil (Jon Funner), forkledd som spøkeri.

Segn og soger bak kyrkja

Salmesong og skjelett var det plass til i tidsbiletet «Dreng dristug».

Framsyninga var lagt til midten av 1600- talet då Zacharias Skancke var prest i Seljord. Ein bispevisitas var ramma rundt spelet, med Hans Brattestaa i rolla som biskop medan Ragnar Haugstøl spela Skancke.

«Dreng dristug» har manusforfattar Sigurd Telnes kalla sogespelet, kallenamnet til tenesteguten som gjekk i beinskålen og henta ein hovudskalle midt på natta. Alt for å vinne eit veddemål for presten Skancke. Trass tett skylag heldt regndråpane seg borte og i overkant av femti hadde møtt opp for å sjå framsyninga som var avslutninga på Landstaddagane. Etter framsyninga blei det invitert til ein matbit bakom kyrkja.