Akt 1: Fylkesmannen kjem
Kviteseid var fyrste kommune ut i Telemark på Fylkesmannens besøksrunde i regionen. Bare ein bodskap sto på blokka: kommunereform.
Kaffikoppane var sirleg sett fram, rommet utvida og formannskapet baud på twist då fylkesmannen i Telemark, Kari Nordheim-Larsen, med fylgje, kom for å orientere om kommunereforma onsdag.
Skal piske fram
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppdraget til Fylkesmannen er å sjå til at prosessen kjem i gang. Elles er det kommunane sjølve som styrer vegen framover, fortalde Nordheim-Larsen.
– Ein forventar ein grundig prosess, og difor kjem me til å vera litt masete på kvifor det er så viktig å gjera noko med kommunestrukturen, sa fylkesmannen.
Eitt av måla med å slå saman kommunar er å kunne flytte makt frå stat til sistnemnde, men då må kommunane ha nok kunnskap og kompetanse for å handtere det, understreka ho.
– Vår erfaring er at kompetansen varierer veldig i kommunane, og det er dei små som er sårbare. Eit av hovudargumenta for å slå saman til større kommunar er at ein kan få eit meir spissa fagmiljø, sa Norheim-Larsen.
I fyrste fase får kommunane eitt år på prosessen. Dei som då vel å slå seg saman får økonomisk støtte frå staten. Kommunereforma baserar seg på at det skal vera friviljug frå kommunane si side, men spørsmålet om tvang kan koma opp.
Rettleiaren til prosessen frå departementet kjem fyrst i september.
– Få med folket !
Diskusjonane kring kvar grensene til kommunane skal gå blir ofte prega av tal og statistikk, men minst like viktig er det å diskutere kjenslene sa fylkesmannen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kvar me kjenner at me kjem ifrå treng ikkje fylgje dei administrative grensene. Det er ikkje nødvendigvis kommunegrensene som bestemmer kvar godkjenslene våre er, meiner ho.
Assisterande fylkesmann Arne Malme og kommunikasjonsrådgjevar Anne Spånem understreka også kor viktig det var å få innbyggjarane med i prosessen.
– Ha opne debattar og ver aktiv på sosiale media, var rådet frå Spånem.
Seinare på dagen var Fylkesmannen på besøk til Tokke kommune. Den vidare rundreisa i Vest-Telemark går til Nissedal 21. august, Vinje får besøk 28. august, Seljord 18. september medan Fyresdal får besøk av Fylkesmannen 23. september.
Onsdag 26. august arrangerar Kommunesektorens organisasjon og Fylkesmannen i Telemark oppstartskonferanse for kommunereforma i Bø.