Luftambulanse-stasjoneringa

Det er vel heva over ein kvar tvil, at kvalitetssikringa frå Norsk luftambulanse er meir realistisk og stole på, i tillegg ordføraren i Vinje sine gode og realistiske meiningar om plasseringa, enn personen frå sjukehuset Telemark med den fine tittelen «administrerende direktør» sine dårlege argument!

Her i Vest-Telemark er mange bedrifter, gardsbruk, ei mengde hytter, og alt ligg ikkje like greitt til som t.d. i Grenland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me er vanlege folk som bur her, med same «smertetersklar» som andre plassar! Å ligge i ein ambulanse i eit par timar, eller 15 mil er det ingen som vert å måtta her i Vest.

Argumenta frå adm. dir. på sjukhuset Telemark, bør sjåast totalt bort i frå!

Enkelt sagt, det vert dobbelt så lenge å vente på Luftambulansen for ein frå Vinje-området, dersom den er stasjonera i Skien, «kanskje den skal dekkje Vestfold og?»

Konklusjon: Stør fullt ut ordføraren i Vinje, og sjølvsagt det kvalitetssikra utvalet frå Norsk luftambulanse. 

Per Arne Strandkås,

Kviteseid