– Telemark Senterparti pressar på for å få ein base for luftambulansen til Telemark, seier Beate Marie Dahl Eide
– Telemark Senterparti pressar på for å få ein base for luftambulansen til Telemark, seier Beate Marie Dahl Eide

Jobbar for luftambulansebase

Telemark Senterparti har sett søkjeljoset på å få ein base for luftambulansen til Telemark. Temaet har blitt ein del av Senterpartiets program.

– Ein base for luftambulansen kjem ikkje av seg sjølv. Det er berre knallhard politisk jobbing som kan føre til at Telemark får ein slik base. No har me fått temaet inn i Senterpartiets program, og det er eit viktig steg. I dag er det Telemark og Mjøsområdet som ligg utanfor den aktuelle responstida som Luftambulansen har som mål. Dagens responstid er 45 minuttar, medan Luftambulansen krev ei responstid på 20 minuttar, forklarer Beate Marie Dahl Eide, Telemark Senterpartis stortingskandidat og fylkestingsrepresentant.

Stiller krav

Dahl Eide er også medlem av hovudutvala for samferdsle og kompetanse i fylket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å vere viss på at ein har tilgang til gode helsetenester er grunnleggjande viktig for å kunne leve det gode liv i Telemark, og den neste satsinga må kome i lufta. Senterpartiet krev luftambulanse til Telemark. Innbyggjarane i vår del av landet skal ha like god tilgang på akuttberedskap som elles i landet, seier Dahl Eide.

– Kva med Vest-Telemark?

– Fyrst må me jobbe for å få ein base i Telemark. Det viktigaste er å bli samde om å jobbe for ein base i fylket vårt, slik at me får betre dekning. Debatten om lokalisering må kome i ettertid, og då må me setje oss ned og sjå grundig på kartet, svarar ho.

Ærlege argument

– Eg forstår at alle kommunar i fylket arbeider for sitt, og eg håpar på ærlege argument i ein eventuell lokaliseringsdebatt, legg ho til.

Ho meiner at debatten i Vest-Telemark har vore ryddig, og at det har kome mange gode argument for ein base til regionen, ikkje minst med tanke på avstandar.

– Det er heller ikkje rett av andre å stille spørsmål om at det vil vere vanskeleg å skaffe fagfolk til ein slik base i Vest-Telemark. Eg har besøkt basen på Dombås, og dei har 25 års erfaring. Erfaringane deira viser at å jobbe skiftordning på ein slik base, uansett kvar han ligg, er attraktivt for sjukehuspersonale. Grunnen til at eg nemner dette er poenget med å ha ærlege argument i debatten, smiler Dahl Eide.

Like tilbod

Ho peikar på prisnippet om at alle i Noreg skal ha like godt tilbod om akutte helsetenester. No står berre Telemark og Mjøsområdet att.

– Så godt som alle andre område har betre responstid enn Telemark. E134, mykje turisme og mange hytter gjer at Vest-Telemark er ein aktuell plass å etablere ein base. Det er eit viktig og godt argument, slår ho fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt har Vinje, Notodden og Skien meldt interesse for å huse ein slik base.

– Og det hastar å få ein slik base til fylket. Uansett kvar i fylket han hamnar, betyr det kortare responstid og ei betring, legg ho til.