Doblar bøtene for ulovleg skuterkøyring
Politiet doblar bøtesatsane for brot på lova om motorferdsel i utmark. Dei håpar minimumsbøter på 10.000 kroner vil fungere preventivt mot skuterkøyring. Skuterkøyring har vore eit aukande problem dei siste to-tri åra. Derfor vil me no auke kontrollane og bøtesatsane, seier Torgeir Vestgarden, miljøkoordinator i Telemark politidistrikt. Det burde ikkje vere minimumsbøter. Bøtene burde bli vurderte etter kva lovbrot ein har gjort, meiner Halvor Fehn i Rauland scooterklubb.
Skuterkøyring har vore eit aukande problem dei siste to-tri åra. Også barmarksferdsel har hatt ei dramatisk auke. Derfor vil me no auke kontrollane og bøtesatsane, seier Torgeir Vestgarden, miljøkoordinator i Telemark politidistrikt.
Det er dei fire politidistrikta Telemark, Hordaland og Søndre og Nordre Buskerud som har gått saman om dei nye felles bøtesatsane. Tidlegare tok juristane individuelle vurderingar i kvart tilfelle og bøtene kunne variere frå 2.000 til 8.000 kroner, informerer Vestgarden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Minimumsbot
I utgangspunktet er det ikkje lov å køyre skuter i utmark. Løyve kan ein få ved til dømes byggjeprosjekt eller framkost til hytter. No er det sett ei minimumbot på 10.000 kroner for brot på lova om motorferdsel i utmark med skuter. Køyrer ein i verneområde er bota minimum 12.000 kroner og ved køyring i nasjonalpark er bøtene endå høgare.
Me håpar dette vil virke preventivt. Problema har vore størst i Midt- og Vest-Telemark. Sist vinter var det mykje ulovleg køyring på Lifjell. Men også i Skafså, Rauland, Vinje, Haukeli, Fyresdal og Nissedal er det eit stort problem, fortel Vestgarden.
Han lovar at dei lokale lensmannskontora kjem til å intensivere kontrollane, men seier ressursane kjem til å styre kor ofte dei har aksjonar.
Det er nok litt ambisiøst å seie at me vil vere ute kvar helg alle stadar, men i Telemark vil me til saman vere ute kvar helg. Då vil det vere nulltoleranse, seier Vestgarden.
Burde konsentrere seg om anna kriminalitet
Skuterfolket er oppgjevne over dei nye satsane og meiner politiet no har feil fokus.
Eg meiner politiet heller bør konsentrere seg om dei notorisk kriminelle framfor å jage snille og samfunnspliktige ungdommar som køyrer skuter. Politiet burde ha heilt andre oppgåver innan kriminalitet som til dømes det aukande narkotika-problemet, meiner leiar i Skafså motorklubb, Atle Kåsa.
Han meiner straffa ikkje står i forhold til brotsverket, og får fylgje av formann i Rauland scooterklubb, Halvor Fehn.
Det bør ikkje vere noko minimum eller maksimum bøtesatsar. Bøtene burde bli vurdert etter kva lovbrot ein har gjort. Om eg køyrer over mitt eige jordet og gjennom eit skogholt, som blir rekna som utmark, for å kome til naboen er det nå grunnlag for 10.000 kroner i bot. Det heng ikkje på greip, meiner Fehn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Råkøyring må straffast
Vinje kommune er ein av åtte kommunar i landet som er med i eit prøveprosjekt med lokal styring av motorferdsel og har eit løypenett dei kan køyre i. Fehn påpeikar at om politiet er firkanta kan det få store konsekvensar å ta pause på «feil plass».
Om eg då stoppar 50 meter unna løypenettet i staden for dei 20 meterane som er lovleg kan eg også få 10.000 kroner i bot. Eg trur dette kan føre til at fleire kjem til å stikke av frå politiet fordi dei er usikre på om dei får bot, seier Fehn.
Dei to leiarane i skuterklubbane er heilt samde med politiet i at råkøyring på snaufjellet må straffast hardt.
Det skal vera restriksjonar og kontrollar, det har me blitt vane med dei siste 20 åra. Villmannskøyring bør bli straffa med både 10.- og 20.000 kroner i bot, men bøtesatsane må stå i stil til brotsverket, understrekar Fehn.
Handhevar lova
Torgeir Vestgarden seier det er eit paradoks at ein kan kjøpe skuter heilt lovleg sjølv om det i utgangspunktet ikkje er lov å køyre han, men seier at politiet bare gjer jobben sin.
Me skal handheve lova som politikarane vedtek, seier han.
Atle Kåsa meiner dei nye bøtesatsane gjer det endå viktigare å få eit løypenett der ein kan køyre lovleg, slik dei har i Vinje. For tida blir det bygd motorkrossbane i Skafså, noko Kåsa meiner blir eit viktig tilbod til bygdefolket.
Halvor Fehn er godt fornøgd med prøveprosjektet i Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er eit fornuftig løypenett, men nokre justeringar må til. Nettet bind bygdene saman og ein kan køyre med godt samvit. Det er viktig at kommunane får bestemme over eigne område, og at det ikkje sit folk i Oslo og bestemmer generelle reglar, meiner Fehn.
Bøtesatsar
Skuter:
Minimum 10.000 kroner
Køyring i verneområde: Minimum 12.000 kroner
Ved køyring i nasjonalpark er bøtene endå høgare
I tillegg kjem:
Køyring utan skilt: 1.000 kroner
Køyring på offentleg veg: 3.500 kroner
Artikkelen held fram under annonsen.
Køyring med uregistrert køyretøy: 5.000 kroner
Køyring utan hjelm: 750 kroner
Barmarkskøyring:
Minimum: 15.000 kroner
Køyring i verneområde: Minimum 20.000 kroner
Ved køyring i nasjonalpark er bøtene enda høgare.
Ved gjentekne lovbrot blir førarkort inndrege.
Svekkjer skuterklubbane sitt truverde
Jon Ingebretsen, leiar i Norsk Naturskule, helsar dei nye bøtesatsane velkomne og meiner snøskuterklubbane svekkjer sitt truverde ved å kritisere dei nye signala frå politiet. Han undrar seg over at skuterklubbane hevdar det er ei viktig oppgåve å få bruken av snøskuter inn i lovlege former, samtidig som dei kritiserer politiet.
Det hadde vore meir konstruktivt av snøskuterklubbane å støtte politiet si planlagte handheving av gjeldande lovverk, samtidig med å argumentere for ønskje om faste traséar og område øyremerkte for fri snøskuterkøyring, meiner Ingebretsen.
Dersom ein meiner at lovverket ikkje er tilfredsstillande må ein i så fall ta dette opp på ein demokratisk og seriøs måte i staden for direkte og indirekte å legitimere lovbrot, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingebretsen trur folk flest støttar dei nye bøtesatsane som eit førebyggjande tiltak.