Magnar Skinnarland må i tenkeboksen om vegen vidare for skuterløypa på Torvetjønn.
Magnar Skinnarland må i tenkeboksen om vegen vidare for skuterløypa på Torvetjønn.

Stort skjer i sjøen for skuterbanen

Motorferdsellova stikk kjeppar i hjula for Magnar Skinnarlands planlagde skuterløype. No må han i tenkeboksen.

Ei ny utfording har dukka opp for den planlagte snøskuterløypa ved Torvetjønn i Rauland. Ein ekstern støyrapport frå Sinus AS konkluderte med at skuterkøyring i områdetikkje skapar plagsam støy. Men så fort den rapporten var klar, viser det seg no at lov om motorferdsel i utmark set klare avgrensingar for planane slik dei no ligg føre.

Lova opnar ikkje for rekreasjonskøyring i utmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me burde tenkt på dette frå starten av. Planen slik han ligg føre i dag er i direkte konflikt med denne lova.

Det sa sakshandsamar Signe Vinje då ho orienterte plan- og miljøutvalet i Vinje om saka onsdag. Dei godkjente oppstart av planarbeidet i juni i fjor.

– Planen er nok ikkje realiserbar. Det betyr at ein må sjå på andre alternativ. Me hadde møte med Skinnarland i går, og han sit og tenkjer på kva han skal gjera no, sa Vinje.

– Planen er nok ikkje realiserbar. Det betyr at ein må sjå på andre alternativ, seier sakshandsamar i Vinje kommune, Signe Vinje.
– Planen er nok ikkje realiserbar. Det betyr at ein må sjå på andre alternativ, seier sakshandsamar i Vinje kommune, Signe Vinje.

– Det må vera lovleg og ryddig

– Ja, det dett på, kommenterer Skinnarland sjølv til VTB.

Han er lei for at planen ser ut til å stoppe her.

– Det har heile tida vore viktig for meg å fylgje lovar og reglar i denne prosessen. Eg må tenkje over situasjonen, og er litt i villreie no. Eg vil at alt skal vera lovleg, ryddig og greitt, seier Skinnarland.

– Ikkje realiserbar

Sakshandsamar Signe Vinje skisserte moglege scenario for vegen vidare for politikarane i planutvalet. Lov om motorferdsel i utmark gjeld ikkje for innmark.

– Viss han, og de, vil at det skal vera ein bane der, må ein syte for at det ikkje er utmark lenger. Eller ein må leggje løypa ein annan stad, på innmark. Det er gjort i Hemsedal, sa Vinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit alternativ er å setje planen på vent fram til ny lov om motorferdsel i utmark er vedteken. Endringane i lova er til behandling i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, og førebels dato for fyrste stortingsbehandling er 7. mai.

Dersom løypa hadde gått på ein vinterbrøyta veg der biltrafikk er mogleg, hadde saka stilt seg annleis. Men då er det snakk om store naturinngrep, og det har ikkje vore intensjonen til Skinnarland. Eit poeng har vore å få til løypa utan å gjera inngrep i naturen. Skuterløypa slik ho er planlagt ville ikkje vore synleg når snøen er smelta.

For og mot

Planutvalet vil likevel i neste møte få opp støyrapporten Sinus har utført, for å avklare støyspørsmålet før det blir arbeidd vidare med planen.

– Det er litt tregaleg at det er så firkanta. Etter det ein har lese i media om støyen synest eg det ser ut som det berre er å køyre på, men no stiller det seg vel annleis, sa Johan Vaa (SV).

Roar Berg Hansen (Ap) var ikkje like positiv til planane.

– Det er ikkje mogleg å gjennomføre det i dette området. Her er det ikkje snakk om berre støy, men støy ein også ser – og hytteeigarane vil sitje på fyrste benk. Eg meiner ei slik løype bør leggjast vekk frå folk, etter same kriteria som ein motorcrossbane, sa han.

Berg Hansen peika også på utviklinga når det gjeld skuterkøyring i kommunen.

– Mange hytteeigarar i Vinje har alt kjøpt seg skuter, og det fører til meir ulovleg køyring. Med ein slik bane vil det bli endå fleire, når både hytteigarar, barn og barnebarn skal ha seg skuterar, meinte Ap-politikaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støyrapporten kjem på politikaranes bord i planutvalsmøtet 22. april.