Vest-Telemark glitra om kapp med sola på beste vis i kritkvit snø og frost laurdag, og mange nytta dagen ute sjølv om det var kaldt. Lesarane har delt desse bildene med oss.
Takka vere ihuga personar i løypelag, idrettslag, tilsette i alpinanlegg, foreiningar og friviljuge blir skøytebanar brøyta, hoppbakken eller alpinbakken preppa eller så ligg naturen der urørt og klar for å bli bruka framfor oss.
Jammen er me heldige som har fridomen og naturen tett på her i Vest-Telemark, rett utanfor døra ...