Kari Veum frå Nissedal fekk Kongens fortenestemedalje i sylv for arbeidet ho lagt i bygdekvinnelaget og i Nissedal kommune. Ordførar, Anne-Nora Oma Dahle stod for utedelinga av den ærefulle utmerkinga.
Kari Veum frå Nissedal fekk Kongens fortenestemedalje i sylv for arbeidet ho lagt i bygdekvinnelaget og i Nissedal kommune. Ordførar, Anne-Nora Oma Dahle stod for utedelinga av den ærefulle utmerkinga.

Fekk Kongens fortenestemedalje

Kari Veum frå Nissedal fekk torsdag utdelt Kongens fortenestemedalje i sylv for lang og tru teneste i Nissedal bygdekvinnelag.

7.april 1951 blei Nissedal bondekvinnelag stifta (bytt namn til Nissedal bygdekvinnelag i nyare tid). Kari Veum var ein av dei som stifta laget i 1951 og blei då valt til revisor. Hausten 2008 gjekk ho ut av vervet som revisor ho har hatt sidan 1951. Etter 57,5 år teneste i bygdekvinnelaget valde 88-åringen å sleppe nye krefter til.

– Det er veldig spesielt at Kari Veum har hatt eit slikt verv så lenge. Me i Nissedal bygdekvinnelag er stolte over å kjenne ho. Det å seie ja til verv år etter år betyr mykje. Mange kviar seg for å ta på seg verv, men Kari stiller alltid opp og seier aldri nei til nokon ting. Viss ikkje folk hadde stilt opp i verv, hadde me ikkje hatt noko bygdekvinnelag. Mange stader slit dei å få folk til å stille, seier leiar i Nissedal bygdekvinnelag, Hilda Nes, og vil gjerne legge til at rundstykka til Kari slår alt i verda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag kveld fekk Kari utdelt Kongens fortenestemedalje i sylv og eit diplom. Ordførar i Nissedal, Anne-Nora Oma Dahle, var Fylkesmannens forlengde arm og stod for utdelinga av den prestisjetunge prisen. Leiar av Noregs bygdekvinnelag, Siss Ågedal og nestleiar i Telemark bygdekvinnelag, Ranveig Bommen var òg til stades for å heidre Kari Veum.

– Her om dagen fekk eg høyre at eg skulle få Kongens fortenestemedalje. Det har tydelegvis blitt halde hemmelig fram til no. Plutseleg fekk eg besøk av familie og barnebarn som hadde reist til Nissedal for å bli med på utdelinga, seier Kari Veum.

– Korleis kjennest det å ha motteke denne medaljen?

– Det er moro, men eg synest eg er uverdig til å mottake denne utmerkinga.

– Kva var bakgrunnen for at du blei med å stifta bondekvinnelaget i 1951?

– Me berre samla oss, og det synest eg var veldig koseleg. Me bestemte at det var fint å kome saman i ein slik «sosial setting». Sidan den gong har det berre utvikla seg. Eg er veldig glad for å kunne hjelpe til. Eg er ikkje ein idealist eller noko liknande. Eg gjer berre det eg vil, seier Kari Veum.

Gode og djupe ord

Etter utdelinga var det kveding, diktopplesing, underhaldning og gode ord om kveldens midtpunkt. Kari har skrive fleire dikt opp gjennom åra, og nokre av desse blei lesne opp.

– Eg diktar når eg føler for det. Eg synest det er greit å skrive nokre av tankane ned, og ofte blir det dikt ut av det, seier Kari.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem du til å halde fram med Nissedal bygdekvinnlag, eller legg du alt på hylla frå no av?

– Eg kjem til stille opp for bygdekvinnelaget sjølv om eg ikkje er revisor lengre, og håpar å kunne halde fram med det, avsluttar Kari Veum.

I tillegg til medalje og diplom kjem Kari til å få ein invitasjon til slottet av Kong Harald.

Ein viktig samfunnsaktør

Heilt sidan 1951 har Nissedal bygdekvinnelag vore ein viktig aktør i Nissedal kommune. Dei har sett fokus på å behalde det positive bygda har, og skape trivsel. Opp gjennom åra har dei arrangert kurs, støtta opp om skule, barnehage, bibliotek, historielaget, mållaget, ambulansetenesta, kyrkja og omsorg rundt om i kommunen.

– Dette har me halde på med i fleire år. Me gjev ofte vekk gåver til forskjellige gode formål her i bygda, og er glade for å stille opp. Trivsel er viktig, og me har no sett opp trimrom i kjellaren på Kyrkjebygda skule. Der kan alle komma å trene viss dei ynskjer, seier Hilda Nes.

Ynskjer fleire medlemmer

I oppstarten i 1951 melde det seg 29 medlemmer. Sidan den gong har medlemstala variert ein god del. I 2009 er dei 13 personar i bygdekvinnelaget.

– Me ynskjer fleire medlemmer i bygdekvinnelaget. Det er alltid rom for fleire her. Eg hugsar då eg blei inngift til Nissedal og kjente ingen. Då eg blei med i bygdekvinnelaget på 60-talet blei eg godt motteken. I bygdekvinnelaget tek me opp alt mogleg, og det vil me halde fram med, seier Hilda Nes.