No har Asplan fått skikk på Åmot sentrum
– Eg ser pressa er til stades i dag, og då må me vel freiste få til noko «sirkus». Sa Halvor Lognvik, formann i bygningsrådet i Vinje onsdag då rådet skulle take avgjerd til den Asplans framlagde reguleringsplanendring for Åmot sentrum. Noka særleg sirkus vart det ikkje, men Lognvik var retteleg på lag i dette møtet, og kunne godt tenke seg å gå til endringar i reguleringsvedtektene. Mellom anna tykte han at det berre var tull at ein ikkje kunne godkjenne arker eller nedskjeringar i takflata. Då replisera Sissel Granum. – Meiner du verkeleg Halvor at me skal tillate tyrolerhusstil i Åmot? – Kvifor Ikkje, dei ser fine ut, og ikkje minst sel dei godt, svara Halvor.