Det gjævaste kulturminnet
Rauland historielag gjev ut bok om helleristningane på Sporanes.
Sporanes har vore på dagsorden sidan oppstarten av Rauland Historielag i 1986, kan Åsta Østmoe Kostveit fortelje. Ho er forfattaren av den nye boka «Sporanes, helleristningar i Rauland».
Det er mange grunnar til at helleristningane på Sporanes er så unike, og når andre helleristningsfelt har fått mursteinar av bøker skrivne om seg synest me at det i alle fall var på sin plass med eit skriv om Sporanes. Dessutan blir slike tjukke bøker gjerne berre lesne av fagfolk. Denne boka er komprimert og retta mot vanlege folk som vil vita litt meir om bygda, held ho fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Internasjonal interesse
Helleristningsfeltet på Sporanes er det høgastliggjande i landet og plasseringa ute på neset med vatn på alle sider er med på å gjera det til eit spesielt felt. Men også sjølve ristningane er sjeldne. Dette er nemleg einaste staden i Sør-Noreg ein finn helleristningar av reinsdyr. Det er denne ristninga som utgjer logoen til Rauland Historielag. I helleristningane finn ein også fire elgar. Tre av desse fem dyra er plasserte inntil to rektangel som ein tolkar som dyregraver. Dette er også heilt unikt. Ein har ikkje funne andre helleristningar av denne fangstmetoden nokon annan stad. Det er til saman 60 figurar på Sporanes og det er bilete frå både jaktkultur, som ein jamleg reknar at høyrer til steinalderen (90001800 f. Kr.) og frå jordbrukskulturen frå bronsealderen (1800500 f. Kr.).
Det er uvanleg å finne helleristningar frå begge desse kulturane i same felt, men det finnest andre stadar òg. Forskjellen er at ein då har sett at ristningane er laga i ulike tidsperiodar og med ulike framstillingsmåtar. Her er alle laga i same stil og arkeologane er samde i at dei er hogne ut i same tidsperiode. Dette har vekt både nasjonal og internasjonal forskarinteresse, forklarar forfattaren.
Myteomspunne fotspor
Av dei 60 figurane på Sporanes er heile 30 av dei avbildingar av fotspor. Desse kan symbolisere ulike ting, og framstillingar av fotsolar kan ein finne over heile verda. Fedredyrking, grensesetjing overfor andre stammer og fruktbarheit er vanlege tolkingar. Men det finnes også ei alternativ forklaring kring fotspora i ei gamal segn. Det seiast at Heilag Olav ein gong kom til Rauland og skulle krysse Totak. Midtfjords bles det opp til storm, men med Guds hjelp kom dei seg til lands på Sporanes, fortel segna. Der knuste båten i møte med berga, men Heilag Olav og mennene hans fekk hoppa så hardt i land at dei sette varige spor etter seg. Det seiast at Olav takka sin Gud og sa at mange i tida som kom skulle koma utfor dårleg vêr på Totak, men få skulle døy.
Så vidt me veit er dette det einaste helleristningsfeltet som har ei segn knytt til seg, fortel Kostveit.
Eit av fotspora på Spornanes utmerkjer seg med ei veldig storetå. Denne skal ha blitt hoggen ut av ein Bjørn Gardsjor seint på 1800-talet.
Folkeminnegranskaren Rikard Berge meinte dette blei gjort av ein skøyar for å narre arkeologane, seier Øystein Kostveit, mannen til Åsta.
Eller ein vandal som andre kanskje ville sagt, skyt Østmoe Kostveit inn.
Truga av vasstanden?
Birger Kjelingtveit, formann i Rauland Historielag, kan fortelje at eit seminar om helleristningar som dei arrangerte saman med andre i fjor var starten på arbeidet med boka. Han har sjølv medverka i denne. På seminaret stod ei god forvalting av helleristningane øvst på lista.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan helleristningane no ligg under is delar av året har nokon hevda at isen skurar dei vekk. Ein veit ikkje kva bylgjene som slår innover berget gjer med helleristningane. Trass i usikkerheit kring dette har Statkraft, Vinje kommune og fylkeskommunen vore positive til å arbeide vidare med å verne helleristningane, men det er eit vanskeleg arbeid, seier Kjelingtveit.
Arbeider vidare
Rauland Historielag vil jobbe for å få merka opp helleristningane på nytt. Dette blei gjort både i 1974 og i 1996, men ein ser lite teikn til det i dag.
Ein dag eg var på Sporanse såg eg restar etter bål rett ved det eine solhjulet. Dette trur eg rett og slett skjer på grunn av mangel på opplysning. I dag er mange av helleristningane vanskelege å få auga på viss ein ikkje veit om dei. Å få måla dei opp på nytt trur eg kan vera med på å hindre at slike ting skjer, seier Kostveit.
Boka er trykt opp i 40 000 eksemplar og er å få tak i på blant anna Spar og Esso på Rauland. Ein kan òg ta kontakt direkte med Rauland Historielag.