Ny skulesjef i august

Sissel Bronken frå Tørdal i Drangedal er tilsett som skulesjef i Nissedal kommune, og byrjar i jobben 1. august.

Bronken har det siste året vore leiar for Vest-Telemarkprosjektet «Betre læring for alle elevar». I dette arbeidet har ho blitt godt kjent med planar og mål for skulen i Nissedal. I prosjekttida har ho hatt permisjon frå stillinga som rådgjevar og nestleiar på skulekontoret i Drangedal kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye skulesjefen i Nissedal er utdanna allmennlærar og har i tillegg til saman 90 studiepoeng innan spesialpedagogikk. Bronken har også gjennomført rektorutdanninga.