Unge gründerar tek tak
«Spræk og sprudlande» kallar dei seg, elevbedrifta som brukar skulefaget entreprenørskap til å lage aktivitetar for ungdomsskuleelevar.
Fem smilande jenter tek imot VTB i kantina på Vest-Telemark vidaregåande skule ein vanleg grå tysdag. Det er det andre året dei er elevar ved skulen på Dalen. Sjølv om dei kjem frå forskjellige bygder, kjente dei kvarandre før dei blei klassekameratar i fjor.
– Me synest det var veldig trygt og verdifullt at me alt hadde blitt litt kjent på felles arrangement for skulane i Åmot og Rauland, før me kom på vidaregåande. Difor har me lyst til å bidra til at andre ungdomsskuleelevar blir betre kjent før dei kanskje startar på skulen her, seier Oda Nystog frå Rauland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slik oppstod tanken om elevbedrifta som gav ungdomar i Vinje, Tokke og Fyresdal høve til å finne på noko saman og bli kjent på tvers av bygde- og kommunegrenser. Noko som engasjerer, skapar aktivitet og gjer at ungdomane kan knyte band til kvarandre.
– Me ynskjer at andre skulle få slike positive opplevingar som me har hatt med felles arrangement, seier Sigrun Kåsa.
Idrettsnatt for ungdomsskulen
Resultatet er det dei kallar ei «idrettsnatt» i Vinjehuset fredag 28. november. Det blir det fyrste arrangementet ungdomsbedrifta arrangerer. Aktivitetar, konkurransar, idrettsleik, matservering og ikkje minst sosialt samspel. For dei som treng svevn, kan ein overnatte i sovesal. Mange eldre ungdommar og minst 3-4 vaksne vil til ei kvar tid syte for vakthaldet. Men opplegget er det «Spræk og sprudlande» som står for, fullt og heilt.
– Det blir litt annleis når me som er unge sjølv arrangerer det, enn når vaksne gjer det, kommenterer Anne Marit Homme.
Mykje læring
Som ungdomsbedrift skal elevane gjennom alt det inneber å starte og drive ei bedrift – frå idéfase til avvikling av verksemda. Det er ein viktig del av programfaget entreprenørskap.
– Mellom anna må me lage og fylgje eit budsjett. Det er me i gang med no, fortel Kristin Kroken.
Men før dei kan spikre budsjettet, må dei vente på svar på alle søknadene dei har sendt om støtte til arrangementet. Bedriftseigarane har fått positive signal frå kulturetaten i Vinje, og ventar framleis på svar frå andre, som Frivilligsentralen , banken og fleire.
– Me har søkt om støtte frå alle me kunne koma på, smiler Kroken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og ei god erfaring har dei gjort seg: Det er alltid lurt å ringe og snakke med nokon, i staden for å berre sende inn ein søknad og krysse fingrane.
Håpar å bli tatt seriøst
No håpar dei at skulane dei har vore i kontakt med i dei tre kommunane får ut informasjon om arrangementet til alle ungdomsskuleelevane.
– Det har vore litt vanskeleg å få noko svar frå skulane. Det er ikkje alle som har vist like stort engasjement eller gjeve oss tilbakemeldingar, seier Annika Sheine.
Dei andre nikkar.
– Dei har kanskje vanskeleg for å ta oss seriøst, sidan me er ungdommar, legg Sigrun Kåsa til.
Sprekt fokus
«Spræk og sprudlande»-namnet kom etter ein idédugnad. Den opphavlege forretningsplanen var å drive kantine på skulen, men då det kom ein drivar på plass, måtte gruppa tenke annleis. Kantinedrifta dei hadde tenkt seg hadde sunt fokus, og det prinsippet ynskte dei å føre vidare når dei endra forretningsidè.
Bedrifta dei no har etablert skil seg ut, fordi dei ikkje sel eit spesielt produkt eller ei teneste, men har sunne og trygge arrangement for ungdom som føremål.
– Me ville ha eit namn som viser at me driv med sunn og morosam aktivitet, seier Sheine.
Artikkelen held fram under annonsen.
No er all merksemd retta mot arrangementet i slutten av månaden. Faget entreprenørskap har fem timar i veka, der berre ein del er sjølve bedrifta, og gruppa reknar med dei i alle fall brukar det dobbelte når dei legg til timane dei brukar på fritida.
– Viss dette blir ein suksess vil me gjerne utvikle oss vidare og lage fleire arrangement, seier Kåsa.
– Me gjer jo dette litt fordi me synest det er veldig moro sjølv også, legg Nystog til.
Dei reknar med om lag 80-100 deltakarar på idrettsnatta, men har kapasitet til 200.
– Me håpar jo at det er verdt alt arbeidet. At dei som er med synest det er moro og får ei positiv oppleving, smiler Kåsa.
Om ungdomsbedrifter:
Ungdomsbedrift (UB) gjev elevar i vidaregåande skule erfaring med bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår skal elevane etablere, drive og avvikle ei ungdomsbedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut frå ein konkret produktidé og realiserer denne gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Grunnlaget for bedrifta er elevanes eigne idear, basert på ein prosess med idé- og produktutvikling.
Kjelde: Ungt entreprenørskap, ue.no