Søndre Vistad på Dalen.
Søndre Vistad på Dalen.

Har høgtrykksrekorden i landet

I vêrmeldingane er det mykje snakk om høgtrykk og lågtrykk. Men visste du at det aller høgste trykket som er målt i Noreg var på Dalen i 1907?

Lufttrykket er vekta av jordas atmosfære, og det betyr at trykket minkar etter kvart som du kjem høgare opp i forhold til havnivået. Då får du mindre luft over deg, og ein tommelfingerregel er at trykket minkar med om lag ein hPa for kvar åtte meter. Forkortinga hPa står for hectoPascal, og er måleeininga for trykk.1 hPa er 100 Pa (Pascal), som igjen er 1 millibar.

1013 er gjennomsnittet

Gjennomsnitt-trykket ved havoverflata er 1013 hPa, og ein kan derfor noko forenkla seie at trykk under dette er lågtrykk, og trykk som blir målt høgare er høgtrykk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men heilt absolutt er det ikkje, seier meteorolog Anne Solveig Andersen på Yr.no sine sider.

Kva er høgtrykk og lågtrykk? Til vanleg set me høgtrykk i samanheng med fint vêr og lågtrykk med det motsette, nemleg dårleg vêr.

Meteorolog Andersen seier fylgjande om trykkforskjellane:

Slik var vêrdatakartet den 23. januar 1907.
Slik var vêrdatakartet den 23. januar 1907.

– For dei fleste er lufttrykket berre eit tal. Me blir ikkje trykt ned av høgt trykk, og me blir heller ikkje spesielt lettare ved lågt trykk. Det er vanskeleg å kjenne trykkforskjellar, men ein stad me kan sjå det er på havoverflata, seier Andersen på Yr.no sine sider.

Med det meiner ho at vatn hevar og senkar seg med trykkforskjellane.

– Eit lågtrykk verkar som det støvsugar og hevar vassflata, medan eit høgtrykk pressar ned overflata slik at vasstanden søkk, forklarer ho.

Høgtrykk på Dalen

1907 og januar månad var tydelegvis tida for høgtrykk i Sør-Noreg. Då blei det høgste trykket som nokon gong er målt her til lands registrert.

– 23. januar 1907 blei lufttrykket målt til 1061,3 hPa på Dalen i Telemark, fortel Jostein Mamen, forskar ved klimaavdelinga hjå Meteorologisk Institutt (MI).

Artikkelen held fram under annonsen.

Den dagen blei det også målt ein relativ luftfukt på 11 prosent, det lågaste som nokon gong er målt her til lands i januar månad. Alt tyder derfor på at det var skikkeleg godvêr denne januardagen for 108 år sidan.

Mamen seier at historiske vêrdata viser eit solid høgtrykk over Sør-Noreg og vidare austover denne januardagen, og at sentrum for høgtrykket låg over dei baltiske landa.

– Det var eksepsjonelt høgt trykk. Målestasjonen på Dalen var på Nordre Vistad. Det var Jon, bankkasserar, og frøken Signe Vistad som hadde ansvaret for stasjonen. I 1928 blei stasjonen lagt ned, ser Mamen av dei opplysingane han sit med.

Det lågaste trykket målt her lands blei gjort i januar 1877 i Bergen. Trykket blei målt til 935,8 hPa.

Det aller lågaste trykket målt ved havoverflata er 870 hPa i sentrum av ein tropisk syklon aust for Filippinane, medan det aller høgste trykket blei målt til 1084 hPa i Sibir i desember 1968.

Vêrinteressert

I dag er det Arne Vågslid som bur på garden der Jon og Signe hadde målestasjonen i si tid. Han visste at det var målt høgt trykk på Dalen for lenge sidan, men ikkje at det var på garden hans målinga blei gjort.

– Eg er nok etter måten over gjennomsnittet interessert i vêr og vind. I vinter las eg på nettet at det aller høgste trykket i Noreg blei målt på Dalen. Når ein kan bruke vêret til sin fordel er det viktig å fylgje med på varsla, smiler Vågslid.

Han er avhengig av godt vêr for å setje i gang med slåtten på garden, og tidlegare har han køyrt brøytebil, og var då også avhengig av å vite korleis vêret var meldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oldefar Jon

Vågslid stussar litt over at MI omtala garden hans som Nordre Vistad. Han har i alle år høyrt at staden har vore omtala som Søndre Vistad.

– Men om ein ser på himmelretninga er det rett at garden ligg lengst mot nord i høve til dei andre Vistad-gardane, slår han fast.

– Og Jon var oldefar min så det stemmer, legg han til.

Signe Vistad var ei tenestejente som gardsfolka på Nordre Vistad tok til seg i si tid.

Arne Vågslid har ikkje funne noko frå tida då vêrstasjonen var plassert på garden hans. Mykje anna frå eldre tider har han teke vare på. Heller ikkje far hans, Aslak, har høyrt om vêrstasjonen.

Ynskjer ny målestasjon

– No er det vel truleg at det som var av måleapparat blei levert inn då stasjonen blei lagt ned i 1928. Og eg veit ikkje kvar på garden stasjonen var plassert. Det er uansett artig å tenkje på, smiler Vågslid.

Han kunne godt tenkje seg at det kom ein ny målestasjon på Dalen, og gjerne på staden han var for 108 år sidan då rekordhøgtrykket blei målt.

– Varmen kan vere svært trykkande her til tider. Og når me høyrer på radioen at Gvarv og Nesbyen har varmerekordar les me av gradestokken at det er endå heitare her, fortel han.