Michael Döhner, Lene Nielsen, Heidi Evja, Beate Moen, Erik Evja, Astrid Döhner og Kjersti Hove. Marie Haugland var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Michael Döhner, Lene Nielsen, Heidi Evja, Beate Moen, Erik Evja, Astrid Döhner og Kjersti Hove. Marie Haugland var ikkje til stades då bildet blei tatt.

Vil overføre kafékultur til naboen

Når seljordingane ikkje kjem på kafèbesøk til Kviteseid, må kafeen kome til dei.

Dei siste vekene har det vore hektisk arbeid på Telesenteret i Seljord. Tysdag er det klart for kaféopning når Waldenstrøm bakeri i Kviteseid utvidar og etablerer ny avdeling i senteret. I snart eitt år har Telesenteret vore utan kafédrift. Derfor er det nok kjærkome når den tradisjonsrike bakeribedrifta frå nabokommunen spreier lukt av nybakt brød utover senteret.

– Det blir litt av det same som i Kviteseid med bakeriutsal og konditori, seier dagleg leiar Heidi Evja og styreformann Erik Evja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei var klare på at dei ynskte ein annan plassering i senteret enn det som har vore vanleg for kafeane som har halde hus der. No er kafeen plassert omtrent midt i smørauget.

– Det er eit bevisst val. Me ynskte å vere tettare torget på senteret, og vere i større kontakt med kundane. Det er viktig å vise fram varene til alle som er innom, seier Erik Evja.

Varemisjonering

Dei har arbeidd med planane sidan i fjor haust, og avtala med Telesenteret blei endeleg underskrive etter påske.

– Kva er bakgrunnen for at det opnar avdeling i Seljord?

– Me vil jo misjonere med varene, seier Erik Evja.

– Når seljordingane ikkje kjem til Kviteseid, får me kome hit, legg Heidi Evja smilande til.

Det er to år sidan Evja overtok bakeriet etter Inge Waldenstrøm. Det har vore to gode år. Kundekrinsen har auka og bedrifta omsette i fjor for 3,1 millionar kroner. Derfor var det no passande med ekspansjon i nabokommune.

Bakeriet og kafeen i Kviteseid er kjent langt utanfor kommune- og regiongrensene. Evja har vore opptatt av å ivareta det gode rykte verksemda har, og lovar framleis tradisjonsrikt handarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje noko mål å bli størst mogleg, og vel kvalitet framfor kvantitet. Det er ikkje noko poeng å produsere i store haugar, me vil heller at det er ordentleg det me produserer, seier ho.

Og dei er opptatte av kvalitet i alle ledd. Erik Evja trekkjer fram ein stab med mykje kompetanse.

– Det er kjempemoro at me kan få tak i medarbeidarar med ein slik kompetanse, seier han og trekkjer fram konditorar, kokkar, servitørar og bakar.

– Dette er ein kjempegjeng, held han fram.

Bakaren sjølv, Michael Döhner, lovar fleire nyvinningar til opninga, men held korta tett til brystet fram til tysdag.

Gler seg til å kome i gang

Med avdeling både i Kviteseid og Seljord har ein høve til å bruke folk båe stader, men i utgangspunktet er det ein stab i Kviteseid og ein i Seljord. Beate Moen er avdelingsleiar i Seljord. Ho lovar kundane mykje godt, og trekkjer mellom anna fram varme lunsjrettar.

Med åtte bord er det plass til om lag 30 gjester i kafèområdet.

– Me håpar å overføre litt av kafékulturen i Kviteseid til Seljord. Dette er ein plass for både unge og eldre, meiner Evja.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei siste vekene har vore heftige, og no skal det bli godt å kome i gang, legg ho til.