– Me har hatt ein omsetningsauke på 35 prosent i august i år samanlikna med same månad i fjor. Det er tydeleg at det rører seg i marknaden, seier marknadskoordinator Dag Christiansen og senterleiar Svein Moen ved Telesenteret.
– Me har hatt ein omsetningsauke på 35 prosent i august i år samanlikna med same månad i fjor. Det er tydeleg at det rører seg i marknaden, seier marknadskoordinator Dag Christiansen og senterleiar Svein Moen ved Telesenteret.

Betre tider for næringslivet

Fleire bedrifter i Vest-Telemark opplever omsetningsauke samanlikna med same tid i fjor.

Frå august i fjor til august i år har forretningane ved Telesenteret i Seljord opplevd kraftig vekst i omsetninga.

– Me har hatt ein omsetningsauke på 35 prosent i august i år samanlikna med same månad i fjor. Det er tydeleg at det rører seg i marknaden, seier marknadskoordinator Dag Christiansen og senterleiar Svein Moen ved Telesenteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Felles profilering

Christiansen og Moen trur noko av grunnen til omsetningsauken ligg i ei felles profilering av senteret.

– I år har alle forretningane ved senteret hatt ei felles marknadsføring der me reklamerer med at me er det største og beste kjøpesenteret i Vest-Telemark. Me har også lagt ned ein del arbeid for å få folk til å sjå på senteret som ein heilskap, og me meiner sjølve at me er meir profesjonelle på presentasjon og planmessig arbeid nå enn før. Samla sett ser det ut til å ha hatt verknad, seier Dag Christiansen og Svein Moen.

Bra butikkmiks

Christiansen og Moen trur at folks erfaringar med senteret fører til at kundane kjem tilbake.

– Me har eit personale med god fagkunnskap og brei interesse for produkta dei sel. Dessutan har me ei bra blanding av butikkar ved senteret. Sjølvsagt kunne me ynskje oss eit endå meir variert tilbod, men me trur me har ein fin miks, seier marknadskoordinatoren, som minner om at det er daglegvareforretninga som er og skal vere damplokomotivet ved Telesenteret.

I fylgje Christiansen og Moen er folk frå heile Vest-Telemark flinke til å stø opp om senteret.

– Ja, det er dei. Det er vesttelane som heilt klart utgjer hovudtyngda av kundane våre. Folk i bygda og grannekommunane skal ha ros for at dei er trufaste mot senteret, seier Svein Moen.

– Går det dårlegare for andre næringsdrivande i Vest-Telemark når det går godt for Telesenteret?

– Eg trur ikkje det er slik gangen i det er. Eg trur det er betre tider for næringslivet generelt i Vest-Telemark nå, uttalar duoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På rett veg

VTB har ringt til nokre tilfeldige daglegvareforretningar i Vest-Telemark. Dei bedriftene Vest-Telemark Blad har vore i kontakt med, har positive tal i rekneskapane sine samanlikna med same tida i fjor.

– Me har hatt ein vekst på 20 prosent frå august i fjor til same månaden i år. Me har jobba aktivt for å hente inn nye kundar. Me prøvar også heile tida å tilfredstille kundane på ulikt vis, mellom anna ved å pusse opp. Akkurat nå er me i gang med å byggje opp ein ny ostedisk, informerer Ole Nordbø, dagleg leiar ved Ica på Dalen.

Også ved Ica i Seljord opplever dei vekst.

– Me har hatt ein omsetningsauke på ein million frå i fjor til i år, seier Olav Braaten, eigar av Ica i Seljord.

Verdiindeksen opp 3,4 prosent

Verdiindeksen for detaljhandel i Noreg auka totalt med 3,4 prosent i august i år samanlikna med august i fjor. Butikkhandel med andre varer auka omsetninga i verdi med 6,5 prosent i same periode. Forretningar med eit breitt vareutval og butikkar med sal av nærings- og nytingsmidel i spesialforretningar auka omsetninga i verdi med høvesvis 1,1 og 1,5 prosent i august i år samanlikna med august i fjor.

Kjelde: ssb.no