Vest-Telemark museum opnar dørene i morgon, og Anne Gundersen (t.v.), Trond Arvid Pedersen, Gitte Aalandslid, Romeo Brown, Tilman Hartenstein, Per Ormestøyl, Halvor Nordal, Steinar L. Mandt og Dag Rorgemoen ynskjer velkomen.
Vest-Telemark museum opnar dørene i morgon, og Anne Gundersen (t.v.), Trond Arvid Pedersen, Gitte Aalandslid, Romeo Brown, Tilman Hartenstein, Per Ormestøyl, Halvor Nordal, Steinar L. Mandt og Dag Rorgemoen ynskjer velkomen.

No opnar museet dørene att

I morgon startar sesongen på Vest-Telemark museum i Eidsborg. Den fyrste særutstillinga viser knivarbeidet etter Magne Groven frå Vinje.

– Me håpar alle 1. mai-tog går innom museet, smiler museumsdirektør Dag Rorgemoen.

Han og staben har gjort klart til sesongopninga den siste tida. I vinter har museet stort sett vore stengt, men med unnatak dersom grupper har hatt ynske om ein tur innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Endeleg opnar me dørene att. Og me er sjølvsagt glade for at vegen i Eidsborgberget også blir farbar att. Me har avlyst enkelte tilstellingar i vinter på grunn av vegstenginga. No gler me oss storleg til å kome i gang att, fortel han.

Føredrag om Groven

Sigrunn Lie Brattekås har skrive ein artikkel om knivmakar Magne Groven (1925-1999). Sundag vil ho halde føredrag om Groven og arbeidet hans. Over 30 knivar etter Groven er utstilt i Eidsborg no.

– Regionen har lange og stolte tradisjonar, og er kjent for dei etter måten mange og særs dyktige knivmakarane. Magne Groven er ein av dei særs dyktige, og kanskje har han ikkje fått nok ros for det flotte arbeidet sitt, seier Brattekås.

Museumsdirektør Dag Rorgemoen viser fram Magne Grovens svar på knivforbodet som kom i 1993.
Museumsdirektør Dag Rorgemoen viser fram Magne Grovens svar på knivforbodet som kom i 1993.
Norsk Knivforening kåra i 1990 denne kniven, laga av Magne Groven, til årets kniv. Groven blei i 1999 også tildela «Den sorte hånd» (i bakgrunnen), den høgste utmerkinga til Norsk Knivforening.
Norsk Knivforening kåra i 1990 denne kniven, laga av Magne Groven, til årets kniv. Groven blei i 1999 også tildela «Den sorte hånd» (i bakgrunnen), den høgste utmerkinga til Norsk Knivforening.

– Det er heilt klart fortent at me set søkjeljos på arbeidet hans, legg Rorgemoen til.

God til å multitaske

Det blei sagt om Magne Groven at han alltid hadde noko i hendene. Ifylgje Brattekås var han god til å multitaske.

– Han røykte, drakk kaffi, såg på fjernsyn og gravera på same tid. Det var ikkje dårleg, ettersom karane har ord på seg for berre å klare ein ting om gongen, ler ho.

Groven var fødd på Gøytilsgroven. Mange hugsar nok den blide karen frå tida som postbod.

– Kor mange knivar laga han?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er vel anslege til ein stad mellom 600 og 700 knivar. Han starta tidleg på 1970-talet etter å ha vore på eit knivmakarkurs med knivkunstnaren Arne Martin Solbjør frå Øyfjell. Så Magne Groven var eigentleg godt vaksen då han starta med knivarbeidet, svarar Rorgemoen.

– Og dei aller fleste knivane han laga er stasknivar, legg Brattekås til.

– Korleis er det med knivmakaraktiviteten i området i dag?

– Det er ikkje så mange som driv med dette no. Men det går i bylgjedalar. På 1920-talet var det fire–fem karar i området som gira kvarandre opp og dei laga og utvikla stasknivar. Mitt inntrykk er at i alle fall dei aller beste såg på det å lage den finaste kniven som eit karstykke, fortel Rorgemoen.

– Elles så er det lange tradisjonar for å lage flotte knivar her. Alt på 1800-talet var mange i gang, seier Brattekås.

Loddar og folkedrakter

Elles vil det seinare i månaden bli ei utstilling som tek føre seg strikkearbeid, og då loddar i ulike variantar. Verdas største raggsokk er alt på plass i Eidsborg. Det blir også ei utstilling av folkedrakter frå Eritrea, Filippinene, Liberia, Somalia og Sudan.

– Me håpar og trur at me vil ha noko som kan fenge både store og små, unge og gamle, smiler museumsdirektøren.

Fyrst ut er altså noko av arbeidet og historia om Magne Groven, den dyktige knivkunstnaren frå Vinje.