Kommuneoverlege: Marius Opsahl

Sjekkar om koronatilfelle kan vera mutert variant

Under formannskapsmøtet torsdag orienterte kommuneoverlege Marius Opsahl om koronasituasjonen i Vinje kommune, inkludert utbrotet i kommunen i jola. Opsahl opplyste at dei har sendt dei positive prøvesvara frå utbrotet til laboratoriet kommunen nyttar i Vestfold for vidare analyse, for å sjå om det kan dreie seg om ein mutert variant.

– Med tanke på kor eksplosiv smitten var, har me bede om ei såkalla sekvensanalyse for å avdekke eventuelle mutasjonar. Om det viser seg at det var den britiske mutasjonen det er snakk om skal me gje oss sjølve ein stor klapp på skuldra for å ha fått kontroll på situasjonen så raskt som me gjorde, sa Opsahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den britiske mutasjonen har vist seg å vera meir smittsam enn den fyrste varianten av covid-19 som kom til landet, om lag mellom 20 og 50 prosent. Ein studie utført av Seruminstituttet i Danmark (tilsvarande FHI i Noreg), kom fram til at den nye varianten var 36 prosent meir smittsam.