Småvardar bygde av barn på tur. Positivt og kreativt.
Småvardar bygde av barn på tur. Positivt og kreativt.

Varde- og vegrøysskjending

Veneli turområde:

Langs Kviteseid turlags populære og svært mykje nytta tursti, både av fastbuande og turistar, til Venelifjellet i Veneli turområde i Vrådal blir det endra på og øydelagt vardar og rive ut vegrøyser.

Veneli turområde er vald ut som det mest attraktive friluftsområde i Kviteseid kommune og er eit av Telemarks aller mest besøkte turtilbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vardar og vegmerke er bygd på dugnad av turlaget og røysene er møysommeleg bygd stein for stein av turfolket opp gjennom åra, fordi dette er ein gamal tradisjon å gjere langs ferdselsårer og turstiar. Å legge stein i røysa skulle gje vandraren lukke på ferda. Det er trist å registrere at både vardar og røyser blir øydelagt av folk på tur, og det er truleg overenergiske eller kanskje rampete ungar som gjer dette. Og da er det beklageleg at foreldre eller andre vaksne som er med dei ikkje kan lære ungane turvett og elementær folkeskikk.

Alt dette har gått føre seg over ei viss tid, men var serleg merkbart i helga 18. og 19. juli, med mykje folk på tur båe dagane. Om nokon som les dette, veit at dei er skuld i øydelegginga, bed me dei om å rette opp att skadene dei har gjort, og som bilde viser litt av.

Derimot er det bare hyggeleg at motiverte og kreative barn bygger små og koselege vardar og fiksar på øydelagte røyser og T-merkte vardar ved turstigen, slik det andre bildet viser. Men ikkje bygg vardar langt frå og synbart frå stigen. Det kan føre ukjente turfolk på villstrå.

Riven røys på stor stein.
Riven røys på stor stein.

Elles skal turfolket ha ros for at dei gjer reint og ryddar opp etter seg i Venelibui og på rasteplassar elles, og tek søpla med seg heim, slik gode turfolk skal gjere.

Turlaget skal gjere sitt for at alle skal ha trygge og fine turar langs godt merkte og tilrettelagte stiar, slik at turopplevinga blir best mogleg. Hugs at det er naturoppleving og helsebot i kvart steg.

Med ønskje om gode og omsynsfulle turar i Veneli turområde og langs andre turstiar!

Kviteseid turlag