Småbruka forsvinn
Sidan tusenårsskiftet har nesten annenkvar bonde med dyrehald i Vest-Telemark forsvunne. Bondelaget ønskjer fokus på å vareta alle bønder, også dei små.
I følgje nye tal frå statistisk sentralbyrå var det 251 bønder i kommunane i Vest-Telemark som hadde søkt om produksjonstilskot for husdyr 1. januar i år. Dette gjeld storfe, sau, svin, verpehøner, kyllingar og geit. I Vinje kommune var det 75 husdyrbedrifter som bad om tilskot, som er mest i Vest-Telemark.
Nedgang i Telemark
Det er ei kjend sak at mengda bønder går kraftig tilbake i Noreg. Tendensen viser at også mengda husdyr går ned, men ikkje i same tempo som bondefråfallet. Det betyr at dyra blir samla på større gardar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vi har sett nærmare på utviklinga i mengda husdyrbønder i Noreg sidan år 2000 og fram til i dag, og ser at nedgangen er gjengs over det meste. Dei to nordlegaste fylka har størst prosentvis tilbakegang, mens Vestfold og Rogaland har minst tilbakegang. Det er 744 husdyrbedrifter i Telemark no, noko som er 521 færre enn for 15 år sidan. Ein nedgang på dryge 41 prosent.
Reduksjon i Vest-Telemark
I heile Noreg har mengda gardar med husdyr gått ned frå om lag 47 000 til 28 500 sidan tusenårsskiftet. Det er ein reduksjon på 39 prosent.
I Vest-Telemark var det 469 dyrebønder i år 2000, og denne mengda er no redusert med 218. Det tilsvar ein nedgang på over 46 prosent.
– Landbruket har vore gjennom ei kraftig effektivisering og produktivitetsauke. Det er færre bønder, men dei produserer omtrent den same mengda mat som tidlegare, seier leiar i Noreg sin Bondelag, Lars Petter Bartnes.
– Dei fleste er einige
– Det er viktig for oss er at det er nok bønder til at vi får utnytta dei norske korn, gras og beiteressursane. Når vi no ser at store areal går ut av drift i delar av landet, er det nødvendig å ta grep, understrekar han.
Noregs Bondelag understreker at stortingsfleirtalet har bede norske bønder om å produsere meir mat på den jorda vi har i Noreg.
– Vi opplever at dei fleste er einige i at det er behov for både mindre og større gardsbruk dersom vi skal utvikle eit landbruk for framtida. Vi vil levere på stortingsfleirtalet si bestilling om meir norsk mat, då treng vi dyktige bønder som kan bruke jorda over heile landet, seier Bartnes.
Jordbruksforhandlingane handlar like mykje om kva samfunnet får tilbake, som trygg mat, opne landskap, levande bygder og arbeidsplassar, slår han fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Må utlikne avstanden
Laget fryktar ytterlegare nedleggingar av gardar om ikkje lønnsemda blir betre. Å redusere inntektsavstanden til andre grupper er blant dei viktigaste punkta i årets jordbruksoppgjer.
– Kravet om auka inntektsalternativ på 24 200 kroner per årsverk vil hjelpe til å redusere inntektsavstanden. Det må til for å styrkje lønnsemda og for å bruke jorda der den er, seier Bartnes.
Kravet har ei ramme på 950 millionar kroner.
Sauer i Vest-Telemark
– Det er viktig å behalde og vidareutvikle særpreget ved det norske landbruket. Det handlar om kva landbruk Noreg skal ha. Vi er stolte over at norske råvarer og eit vakkert kulturlandskap dannar grunnlag for titusen arbeidsplassar i næringsmiddelindustri, reiseliv og andre næringar over heile landet, understrekar Bartnes.
Det finst i dag totalt 3 150 storfe på gardane i Vest-Telemark. Dette er 382 færre enn i år 2000. Spesielt Vinje og Seljord har stor nedgang. Vidare blir det talt nesten 13 000 sau i kommunen ved årets inngang. Dette er 4.800 færre enn for 15 år sidan, og det er klart størst nedgang i Vinje.
Det er forøvrig ca 7 500 verpehøns både i Seljord og Vinje.
Den 5. mai kom regjeringa med tilbodet sitt til bøndene. Dei tilbyr ei ramme på 90 millionar kroner. Årets oppgjer skal etter planen vere i hamn før 17. mai-helga.
Husdyrbedrifter i Vest-Telemark
Artikkelen held fram under annonsen.
Gardar* Utv. Utv (%) Storfe Utv. Sau Utv.
Vinje 75 -83 -52,5 614 -213 3 038 -2 219
Seljord47 -33 -41,3 962 -271 2 167 -451
Tokke 44 -49 -52,7 465 56 3 412 -795
Kviteseid 35 -29 -45,3 686 76 2 065 198
Fyresdal 30 -12 -28,6 315 -8 1 457 -936
Nissedal 20 -12 -37,5 108 -22 822 -607
Telemark 744 -521 -41,2 12 034-632 24 367-6 133
Artikkelen held fram under annonsen.
Noreg 28524 -18462-39,5 832609 -153137 1056525 -75209
* Også gardar med svin, verpehøner, kyllingar og geit er med i talet.