– Den sure og gnikne naboen som aldri gjev pengar i bøssa når ungane kjem for å samle inn
Geir Christian Enger (KrF) sa verkeleg ifrå då rådmannen ikkje ville gje tilskot til Drangedal kommune sitt kjøp av snøkanonar til Gautefall Biathlon, der mange unge nissedølar går på ski.
Det har vore eit klart uttrykt ynske frå næringslivet i Drangedal generelt og på Gautefallheia spesielt; det å kunne sikre langrennstilbodet på Gautefallheia over så lang periode som mogeleg gjennom produksjon av kunstsnø på Gautefall Biathlon, vil vere eit svært viktig bidrag til spesielt bygging og bruk av fritidsbustader i området.
Med bakgrunn i dette vedtok Drangedal kommunestyre i fjor å bidra til kjøp av utstyr til å produsere kunstsnø til Gautefall Biathlon (langrennsløyper og heilårs skiskyttaranlegg) innanfor ei ramme på tre millionar kroner. Finansiering føreset bidrag frå andre aktørar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kostar mykje
Etterpå sende Drangedal kommune ein søknad til naboen Nissedal om 500 000 kroner i tilskot til den nye investeringa. I søknaden blir det mellom anna opplyst at Drangedal kommune brukar 600 000 kroner i året til reine driftskostnader, i hovudsak preparering av løyper. I årlege renter og avdrag på restgjelda går det 1,6 millionar kroner i året.
I tillegg til dette nyttar tilsette ved Drangedal kommune eit monaleg tal timar til administrasjon og drift, dette utgjer minst 500.000 kroner pr. år. Med alt er samla driftskostnader for Drangedal kommune rundt 2,7 millionar kroner årleg.
– Ein av dei største og sikraste brukarane av biathlonanlegget vinterstid er idrettslag frå Nissedal kommune som naturleg nok nyttar dette som sitt «nærskianlegg» til trening og aktivitetar for barn og unge. Slik bruk av anlegget set Drangedal kommune stor pris på, men både dette forhold og det at anlegget sjølvsagt fremmar næringsutvikling i begge kommunar, burde tilseie eit visst, årleg driftsbidrag også frå Nissedal kommune, står det vidare i søknaden.
Gav tilskot i 2007
I saksutgreiinga til rådmannen i Nissedal blir det minna om at kommunen alt i 2006 var klare på at det ikkje var aktuelt å engasjere seg på eigarsida eller å forplikte seg på nokon måte i forhold til drift av Gautefall Biathlon. Året etter valde Nissedal formannskap å løyve 500 000 kroner frå næringsfondet fordelt på to år som anleggsbidrag til Gautefall Biathlon. Vidare i vedtaket stod det: «Nissedal kommune føreset at Drangedal kommune opprettar eit kommunalt føretak. Om nødvendig opprettast ei avtale mellom kommunane Drangedal, Nissedal eventuelt andre partar som dokumenterer at Nissedal kommune ikkje har andre forpliktingar enn anleggsbidraget som her er gitt.»
Nissedalrådmannen kom med denne tilrådinga til formannskapet sist torsdag: «Med bakgrunn i tidlegare vedtak om at Nissedal kommune ikkje ønskjer å engasjere seg på eigarsida, eller å forplikte seg i drifta av Gautefall Biathlon og det fakta at kommunen har lite midlar avsett til næringsfond, avslår Nissedal formannskap søknaden frå Drangedal kommune.
Svarar på noko anna
Nissedal KrF har ingen med i formannskapet, men éin person kan møte der og uttale seg. Og partiets toppkandidat ved sist kommuneval, Geir Christian Enger, nytta den moglegheita, også i møtet torsdag. Alt innleiingsvis i innlegget sitt skaut han frå hofta:
– Akkurat i denne saka her fekk eg plutseleg ein tanke i hovudet om den sure og gnikne naboen som aldri gjev pengar i bøssa når ungane kjem for å samle inn, starta Enger.
Han syntest argumentasjonen i tilrådinga til rådmannen blei feil, fordi det Drangedal kommune søker om er tilskot til ei investering.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Så står det i saka at kommunen ikkje ynskjer å engasjere seg på eigarsida, eller forplikte seg til drifta. Men det er ikkje dette det er søkt om i det heile tatt. Det er søkt om eit bidrag til investering. Eg føler at tilrådinga til rådmannen svarar på noko anna enn det er søkt om, sa Enger.
Blir frykteleg feil
Han hadde elles merka seg i saksutgreiinga at det blir nemnd at Nissedal kommune har gjeve tilskot til løypelag på Gautefall, men meinte det er ei anna historie.
– Me har gjeve til løypelaga og det er superbra, men eg føler at tiltaket med å sikre snøproduksjon i biathlonanlegget, som er eit unikt anlegg me til dei grader nyttar oss av i Nissedal kommune, då blir det frykteleg feil å bare avslå søknaden, sa Enger om valet til rådmannen.
Enger hadde snakka med ordførar Halvor Homme (Ap) dagen før om denne saka, i håp om å finne eit beløp å gje i tilskot.
– Me må forhalde oss til søknaden. Viss me hadde klart å skrape saman 100 000 kroner, tenker eg at i tillegg til å vere litt sjenerøs nabo, er dette eit tiltak me dreg så innmari nytte av. Treungen I.L. har skitrening i biathlonanlegget og får nytte det gratis, sa Enger om eit idrettslag som har 30–40 unge frå sjuande klasse og nedover i skitrening i anlegget på Gautefall.
Samrøystes
Årleg set Nissedal kommunestyre av 500 000 kroner frå eigedomsskatten på hytter og hus til ein fellespott til ulike tiltak som kan gle mange. Ordførar Homme sa i formannskapet at denne potten er veldig aktuell å bruke med tanke på å stø nyinvesteringa ved biathlonanlegget. Utfordringa er at for i år er brorparten av potten alt løyvd til fleire tiltak, og då står det ikkje att mykje pengar for andre å søkje om.
Kristine Sandall (H) var einig i at nissedølar brukar biathlonanlegget mykje, og at tilbodet er ei stor glede for mange.
– Enger har kome med mange gode tankar, og eg er einig i at me ser på moglegheiter for å gje tilskot, sa Sandall.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho føreslo å løyve 100 000 kroner frå fellespotten til nyanlegget, noko eit samrøystes formannskap vedtok, rett før dei tok seg ein pause.
– Eit riktig vedtak, sa Enger til ordføraren etterpå.