Ikkje bestemt deg for kva du skal røyste?

Her finn du avtala som ligg til grunn for ein eventuell ny Kviteseid-Seljord kommune og anna aktuelt lesestoff.

Måndag er siste høve for kviteseidingane og seljordingane til å røyste ja eller nei til samanslåing av dei to kommunane i ei rådgjevande folkerøysting.

Ikkje heilt bestemt deg? Her på VTB.no finn du ei mengde avisartiklar - mellom annaher,her ogher,lesarinnlegg og ikkje minst lenke til avtala som dannar grunnlaget for ein eventuell ny kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røystelokala i Kviteseid er på kommunehuset, Vrådal grendehus og Brunkeberg oppvekstsenter måndag. Sundag kan ein berre røyste ved kommunehuset.

I Seljord kan ein røyste ved kommunehuset, Åmotsdal grendehus og biblioteket i Flatdal måndag. I dag, laurdag, kan ein røyste ved Seljord bibliotek.