Kraftavtala er handsama på lovleg vis
Vinje kommunestyre handsama saka om ny konsesjonskraftavtale korrekt. Det seier assisterande fylkesmann Stein Elseth. Halvor Lognvik (Frp) bad om ei vurdering frå Fylkesmannen fordi saka vart avgjort med ordførarens dobbeltrøyst.
Frp-representanten Halvor Lognvik skreiv i e-posten til assisterande fylkesmann Stein Elseth at det var stor usemje i Vinje kommunestyre om konsesjonskraftsaka då ho var til avgjerd sist torsdag. Røystinga enda med 12 for og 12 mot avtala mellom Telemark fylkeskommune og dei åtte vasskraftkommunane i Øvre Telemark.
Ordførar Arne Vinje nytta si dobbeltrøyst og sikra at Vinje kommune sa ja til kraftavtala.
Artikkelen held fram under annonsen.
Halvor Lognvik nemnde i skrivet til Fylkesmannen at ein representant i kommunestyret vart sjuk like før møtet på Haukelisæter, og at det difor var umogleg å kalle inn vararepresentant. Sjølv om det er umogleg å vite korleis ho hadde røysta etter ordskiftet, gav Lognvik uttrykk for at han hadde høyrt at representanten var i mot avtaleutkastet.
Ordføraren avgjorde
Lognvik var misnøgd med at saka i røynda vart avgjort av ordføraren aleine, sidan dobbeltrøysta vart nytta.
Vanlegvis vil me akseptere ei slik avgjerd, men i denne saka har me store problem med å akseptere denne avgjerda. Årsaka er at her står det store pengar på spel for kommunen, frå seks millionar kroner årleg og oppover. Personleg meiner eg dette vil bety meir enn 20 millionar kroner årleg, skreiv Lognvik til Fylkesmannen.
Han stilte seg tvilande til om vedtaket var lovleg når ordførarens dobbeltrøyst avgjorde denne viktige saka. Lognvik stilte spørsmål ved om det burde vere folkerøysting eller handsaming i to kommunestyremøte med positive vedtak før avgjerda kunne vere gyldig.
Vedtaket er gyldig
Assisterande fylkesmann Stein Elseth seier til VTB at Vinje kommunestyres vedtak i kraftavtalesaka er gyldig. Det har ingen ting å seie at det er dobbeltrøysta til ordføraren som vert utslagsgjevande for resultatet.
Saka om kraftavtala mellom fylkeskommunen og vasskraftkommunane er etter lova å sjå på som ei heilt ordinær sak. Lova stiller heller ikkje særskilde krav til storleiken på fleirtalet. Her er det dei alminnelege reglane som gjeld, fastslår Stein Elseth.
Han seier at ein ikkje må blande voteringsreglar på Stortinget med dei som gjeld i eit kommunestyre. Det er nemleg andre røystereglar i ei parlamentarisk styreform.
Og det er ikkje noko argument at Vinje kommunestyre ikkje var fulltalig under røystinga om kraftavtala?
Artikkelen held fram under annonsen.
Nei, det er nok at minst halvparten av kommunestyrerepresentantane er tilstades for å vere vedtaksfør, seier assisterande fylkesmann Stein Elseth.
Sluttstrek sett
Den klare konklusjonen til Elseth vonar ordførar Arne Vinje også er ein sluttstrek for den politiske handsaminga av kraftavtala i Vinje kommunestyre.
Kommunestyret var lovleg sett, og det var ikkje tvil om at me var vedtaksføre. Difor var det ikkje noko formelt å utsetje på vedtaket. Det slår også Fylkesmannen fast, seier Arne Vinje.