Høgre sine tvangstankar
Med Erna Solberg som kommunalminister frå 2001, vart «friviljug tvang» eit omgrep kva gjeld samanslåingar av lokaldemokratiske einingar her i landet.
Sjølv om ho etterkvart vart kjend som Jern-Erna, kom ho ikkje særleg langt med prosjektet før ho fekk avløysing i 2005. Åtte år seinare vart det teken opp att for fullt med Jan Tore Sanner i førarsetet. Ressurs- og pengebruk, retorikk og ikkje minst tidstjuveriet i alle forvaltningsledd synte snøgt at denne gongen var det verkelig alvor. Pisken small hardare og gulrøtene vart freista gjord lekrare.