20 millionar til Varlandsvegen
Kampen for vegkroner til Varlandsvegen på Møsstrond ser no ut til å vera vunnen for innbyggjarane, politikarar og skulebussjåfør Audun Trovatn.
I går blei det klart at representantane frå Frp, Høgre, Ap, Sp og SV i fylkeskommunens samferdselsutval truleg er samde i at Varlandsvegen er i desidert verst stand i Telemark. Dei går nemleg inn for å løyve 20 av dei 100 ekstra vegmillionane dei har til rådvelde, til nettopp Varlandsvegen.
Åjøssunammen. Ære vera dei for det. Dette viser at det nyttar å jobbe for noko, at det nyttar å mase, seier ein overraska Audun Trovatn når VTB ringer med gladmeldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bussjåfør Trovatn køyrer den 12 kilometer lange vegen heile 760 gonger i året. Han har vore ein av dei som har kjempa ivrig for å få rusta opp den nedslitne vegen. Stempelet Varlandsvegen har fått som «øvrig veg», altså ein som ikkje er viktig eller strategisk viktig, har gjort at vedlikehaldet har vore nedprioritert i mange år.
Om våren gjer teleløysinga at vegen blir nær uframkomeleg, fortalde bussjåføren då VTB var med på skuleruta ein ettermiddag i juni. Han brukte då omgrepet «tolv kilometer lang slalåmløype», og fortalde at humpane om våren var så store at han nesten må stoppe for å koma over dei med bussen. Vegen er også i ferd med å smuldre opp på båe sider fleire stader.
Men måndag var altså ein gledeleg dag for dei som har stått på for å setje vegen på det politiske prioriteringskartet, både Trovatn, innbyggjarar langs vegen og lokalpolitikarar frå fleire parti. Både Ap, Frp, Sp og SV er blant dei som har engasjert seg i saka.
No er eg veldig glad. Dette var artig. For 20 millionar må dei vel klare å gjera heile vegen ferdig, au, slår bussjåfør Trovatn fast.
Framlegg til vegløyvingar i Vest-Telemark:
Varlandsvegen i Vinje 20 millionar.
Birtedalen i Fyresdal 8 millionar.
Lårdal i Tokke 6 millionar.
Vrådal i Kviteseid 5 millionar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fiskestigen (mellom Hylland og Øyfjell) i Vinje 2 millionar.