Etterlyser handling
Tokkeordførar Olav Urbø (Sp) er lei av å vente på at regjeringa konkluderar etter å ha sett i gang prøveprosjekt med skutertrasear, og han ynskjer likebehandling.
At denne prøveordninga ikkje har ført til konklusjonar av nokon slag er meiningslaust. Vanlegvis er slike forsøksordningar sett i gang med tanke på avklaring og til slutt ein konklusjon innanfor ei gjeve tidsramme, seier Urbø.
Ikkje høgt prioritert
Så langt er det mykje som tyder på at det er SV som bremsar i saka, og det må også vere lov til å undre på kor høgt denne saka er prioritert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er kjedeleg for dei i Arbeidarpartiet som ynskjer ein konklusjon, og for Senterpartiet at ikkje regjeringa prioriterar denne saka høgare. Prøveprosjektet har blitt prolongert år for år fleire gonger utan ein endeleg tidsfrist. Det heile er i ferd med å bli useriøst, sukkar tokkeordføraren.
I og med at prøveprosjektet no har vart såpass lenge, og at kommunane som er med på prosjektet i lengre tid har hatt tilbodet om skutertrasear, ynskjer Utbø å sjå nærare på den urettvise handsaminga kommunane trass alt får.
Forskjellsbehandling
Innbyggjarane i Vinje har no hatt høve til å køyre snøskuter i dei merka traseane i fleire år. Det unner eg dei for all del, men når det går så lang tid som no, er eg oppteken av den forskjellsbehandlinga som vert kommunane til del. Det bør ikkje gå utover andre kommunar som ynskjer ei slik skuterordning, at regjeringa ikkje konkluderar. Me må hugse på at hovudprinsippet i offentleg forvalting handlar om likebehandling, altså lik behandling av like saker. Konsekvensen i denne saka må bli at ein så langvarig praksis blir retningsgjevande, meiner Urbø.
Det er rett og slett grenser for kor lenge eit slikt prosjekt kan vare før det får konsekvensar for andre kommunar, legg han til.
I dei siste vekene har det vore ein del i media om rekreasjonskøyring, og avslag på søknader om slike organiserte turar.
Eg ser meg rett og slett lei på den stadige utsetjinga. Forskjellane held fram, og det er ikkje det minste rart at det kjem mange og sterke reaksjonar frå ulikt hald. Eg har stor forståing for frustrasjonane, og stiller meg i same køen. No ynskjer eg likebehandling i alle kommunar som har slike saker. Snøskuteren har trass alt kome for å blir, slår Olav Urbø fast.