Seljord festar grepet
Seljord festar grepet som den mest attraktive kommunen for tilflytting i heile Telemark. I motsett ende finn me Hjartdal og Kviteseid.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) har nettopp lagt fram folketala ved utgangen av 1. kvartal 2010. Av kommunane i Vest-Telemark er det berre Seljord og Vinje som opplevde vekst i folketalet i årets tri fyrste månader. Innbyggjartalet i Nissedal stod stille dette kvartalet, medan dei tri andre kommunane opplevde attendegang.
Sidan det er små tal i alle kommunane, er det meir rett å sjå utviklinga i talet på innbyggjarar i eit heilårsperspektiv. Endringane frå 1. kvartal 2009 til og med 1. kvartal i år syner at Seljord ligg på topp i Telemark med omsyn til vekst i folketalet. I løpet av det siste året har det vorte 63 fleire seljordingar. Det er ein vekst på 2,16 prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bø og Porsgrunn er dei andre store vekstkommunane i Telemark det siste året, med ein folketalsauke på høvesvis 1,57 prosent og 1,21 prosent svarande til 86 og 417 personar.
Veksten Seljord opplever vil eg kalle spenstig. No nærmar Seljord seg 3.000 innbyggjarar, og kommunen opplever ei veldig god utvikling, meiner forskar Audun Thorstesen ved Telemarksforsking i Bø.
Snudd trenden
I 1. kvartal vart det 20 fleire vinbyggjer, og det karakteriserer Thorstensen som ein fin vekst. Men ser ein utviklinga i eit heilårsperspektiv har Vest-Telemarks største kommune ein attendegang på 21 personar eller minus 0,57 prosent.
I prosent er Kviteseid mest ute å køyre i kampen om innbyggjarane. I årets tri fyrste månadar gjekk folketalet attende med 16 personar og heile 33 dei siste 12 månadane. I prosent vert det ein nedgang på høvesvis 0,63 prosent og 1,30 prosent.
Nissedal har i løpet av eitt år auka folketalet med 11 personar, men utviklinga stod stille i dei fyrste tri månadane i år.
Tokke maktar ikkje å stoppe flukta frå kommunen. Frå 1. kvartal 2009 til og med 1. kvartal 2010 budde 14 færre personar i kommunen, svarande til ein nedgang i innbyggjartalet på 0,60 prosent. Folketalet gjekk attende med sju personar berre i 1. kvartal.
Når eg ser på folketalsutviklinga i Tokke over fleire år, er konklusjonen at det ser ganske mørkt ut, seier Audun Thorstensen.
Fyresdal i revers
Medan forskaren karakteriserer situasjonen i Nissedal som ganske grei, har han merka seg at Fyresdal ser ut til å ha fått problem med å halde oppe folketalet. Attendegangen i 1. kvartal i år er heile 15 personar eller minus 1,09 prosent. Dette er den prosentvise største attendegangen i heile Telemark. På årsbasis har det vorte 10 færre fyresdølar eller minus 0,60 prosent.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korleis vil du konkludere, Audun Thorstensen?
¬ Det at Fyresdal no byrjar tape i kampen om innbyggjarane er eit interessant trekk. No vert det spennande å sjå om det rettar seg opp når tala for 2. kvartal kjem. Innbyggjartala per 2. kvartal er viktige for kommunane sidan dei dannar grunnlaget for dei statlege overføringane i 2011. Elles er folketalsutviklinga i Vest-Telemark omtrent stillstand med eit samla nedgang i folketalet på 3 personar. Det er Seljord og Vinje som dreg opp, påpeikar forskaren.
Dystert i Telemark
Utviklinga i Telemark fylke som heilskap, meiner Thorstensen er dyster når han samanliknar innbyggjartala på landsbasis. Grenland evnar ikkje å vere motoren for vekst og framgang. I løpet av årets fyrste tri månadar vart det til saman 189 fleire telemarkingar. Det gjev ein vekst i folketalet på 0,11 prosent mot 0,31 i heile Noreg. I siste 12 månadars periode til og med utgangen av 1. kvartal i år auka folketalet i Telemark med 0,48 prosent eller 810 personar. Veksten på landsbasis var til samanlikning 1,27 prosent.
Jippi, dette er gledeleg
Ordførar Solveig S. Abrahamsen vert yrande glad når VTB fortel henne at Seljord ligg heilt på toppen i Telemark når det gjeld folketalsauke.
Ved utgangen av mars i år budde det 2.981 personar i Seljord. Det er 63 fleire i høve til eitt år tidlegare.
Det er ei gledeleg utvikling me opplever i Seljord. No vert det fullt fokus på å leggje til rette for at denne positive trenden held fram, og eg føler me er i godt gjenge med å auke attraktiviteten vår som bustad- og arbeidskommune, seier ordføraren i ein kommentar til VTB.
Solveig S. Abrahamsen dreg fram eit stort mangfald i tilboda til innbyggjarane som ein av dei store føremonane dei har i Seljord. Samstundes er det heller ikkje nokon ulempe for å vere attraktiv at kommunen ligg lageleg geografisk plassert og har gode kommunikasjonar med omverda.
Store skilnader
Medan Seljord-ordføraren kan sitje og glede seg over at stadig fleire ynskjer å verte seljordingar, har ordførar Torstein Tveito i nabokommunen Kviteseid ei utfordring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen lek som ein sil, og har store problem med å halde på innbyggjarane sine i fylgje dei offisielle SSB-tala. Ingen kommune i Telemark mista fleire innbyggjarar i årets 1. kvartal enn Kviteseid og utviklinga i eit 12-månadersperspektiv er heller ikkje lysteleg lesnad for ordføraren.
Kva gjer de for å motverke den stygge utviklinga i innbyggjartalet, ordførar Torstein Tveito?
Me krummar halsen for å gjere oss meir attraktiv som bustadkommune. Det er me generelt flinke til her i Vest-Telemark. Eg er overtydd om at utviklinga vil snu når ein del fasilitetar kring om i kommunen står ferdige. Då vil Kviteseid verte endå meir attraktiv for auka busetnad. Vidare trur eg ikkje me har vore flinke nok til å peike på at kommunen mellom anna kan tilby eit godt oppvekstmiljø og at eldreomsorga er betre enn dei fleste andre stader. Eg ser ikkje bort frå at me må ta sjølvkritikk for at me ikkje har presisert dette godt nok. Men her kjem me til å betre oss monaleg, forsikrar Torstein Tveito.
Han dreg fram at håpet no er at posten etablerar ny distribusjonsterminal i Brunkeberg. Dersom den avtala går i boks, dreiar det seg om mellom 25 og 50 arbeidsplassar i Kviteseid.