Vegomlegging i Åmot snart fullført
Omlegginga av E 76 i Åmot er inne i sluttfasen, og i går vart resten av asfalten ved Surgrav lagd. Men alle er på ingen måte nøgde med alle trafikkøyene som er anlagde ved avkøyringa til Dalen, Rauland og forretningsområdet. Det er oppmerka to felts køyrebane, men i realiteten er det så smalt at om ein lastebil legg seg i venstre fil, har ikkje lastebilar eller større vogntog som kjem bak sjanse til å køyre forbi.