Krig eller fred
Organisasjonen MIFF (Med Israel For Fred) er i god framgang, på veg mot 10.000 betalande medlemer. Eg kjenner eit par hundre av desse, pluss heile styret, og dei er alle fredsæle folk.
MIFF arbeider for Israels leverett. Det er viktig å spreie opplysning om kva Israel er, kva folket har oppnådd, trass i at det vesle landet er omgjeve og ofte vert uroa av 21 arabiske statar, stort sett islamistiske fiendar som vil ta livet av staten Israel og alle jødar. Politiske hovuddrag og positive hendingar i landet vert mest ikkje formidla i norske media; difor er samfunnsinformasjon frå MIFF viktig, anten stoffet kjem ut gjennom foredrag, på stand, i medlemsavis eller på www. miff.no.
Artikkelen held fram under annonsen.
I VTB 16. juli fær Tore Skaug seg til å skrive at MIFF er «krigersk», avdi organisasjonen stør Israel. Då den rådande israelske politikken (etter hans syn) er krigersk, må jo dei nordmennene som er glade i Israel også vera krigerske.
Snakk om logikk! For det fyrste: Israel krigar ikkje for moro skuld, men for å overleva. Då treng det eit sterkt militært forsvar. Målet er ikkje krig, men fred i fridom, – kall det arbeidsro til nyskaping og verdiskaping som kjem oss alle til gode. For det andre: MIFF er ikkje til for å applaudere Israel i eitt og alt, men freistar å gje breiare kunnskap om kvifor dei store partia og viktigaste aktørane handlar – og stundommå handle – som dei gjer.
Me lyt sanneleg ta med noko meir om dette på det Israel-treffet som MIFF Vest-Telemark skal halde på Bjåen sundag 2. august. Fylg med!
Hallgrim Berg,
reserve-telemarking, Ål