Tilbyr gratis vaksine mot livmorhalskreft
Frå i haust får alle kvinner i Vest-Telemark fødde i 1991 og seinare tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV).
Vaksinen blir anbefalt for unge kvinner, fordi den førebyggjer både livmorhalskreft og forstadiet til livmorshalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.
Tidlegare har jenter fødde i 1997 og seinare fått tilbod om HPV-vaksine gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, men no tilbyr altså alle helsestasjonane i Vest-Telemark vaksinen gratis til dei som er fødde litt tidlegare òg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tilbodet er midlertidig, og varer i ein toårsperiode frå hausten 2017. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gjevne i løpet av 6–12 månadar, og må difor startast opp innan utangen av 2018. Vaksinasjonen kan gå føre seg der kvinnene oppheld seg (går på skule), eller i heimkommunen. Kvinnene må sjølve bestille time for gjennomføring av vaksinasjon i den aktuelle kommunen, skriv helsestasjonane i ei pressemelding.
HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta ein gong i løpet av livet, som oftast i ung alder.
Infeksjonen er vanlegvis ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg denne typen kreft, og 65–100 av dei døyr av sjukdomen. Vaksinen kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.