Fleire på skulebenken
I fjor var Åmotsdal skule i Seljord kommune truga av nedlegging etter at rådmannen ville stramme inn livreima på budsjettet. Prognosar for korleis elevtalet kom til å bli dei neste åra blei lagt fram frå begge sider, og tala variera mellom 15 og 18 elevar for dette skuleåret. I denne veka var det skulestart og no jublar både åmotsdølar og skulen over fleire elevar enn på mange år.
I fjor haust var skulen i Åmotsdal truga av nedlegging etter at dåverande rådmann, Kristian Torp-Hansen, skisserte ei årleg innsparing på 1,75 millionar kroner dersom skulen blei lagt ned. Det førte til eit kraftig engasjement frå bygdefolket som mobilisera seg til kamp for å redde skulen.
Er ikkje bygda vår verdt meir, spurde åmotsdølane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ho, for skulen blei spart frå nedlegginga. Skulen har sett nedleggingsspøkelset i kvitauga fleire gonger, også i 2002. No ser framtida betre ut, for både elevtal og innbyggjartal i Åmotsdal aukar.
Positiv trend
Bygda har i fleire år vore inne i ein positiv trend med auka tilflytting, og fleire familiar har kome, eller er i ferd med å busetja seg i Åmotsdal. Elevprognosane frå rådmannen under skulestriden hevda at elevtalet kom til å halde seg stabilt på kring 17 elevar i dei neste fem åra. Tala som åmotsdølane viste fram anslo at 18 elevar ville sitje på skulebenken frå hausten av i år. I dei komande åra rekna ein med at det ville vera 22 elevar i 2010, 24 i 2011, 23 i 2012 og 24 i 2013. No ser det ut til at elevtalet aukar meir enn desse berekningane, og det lovar godt for skulen og bygda.
Denne hausten er det 21 elevar på skulen, og det er mange år sidan det var meir enn 20 elevar. Dessutan ser det ut som det blir fleire elevar på skulen framover enn ein trudde for eitt år sidan.
John Olav Haugetuft har vore med som foreldreutvalsleiar ved Åmotsdal skule dei to siste rundane med nedleggingstruslar og no er han svært glad for utviklinga.
Det er utruleg moro at det er så mange elevar på skulen i år. Det viser at prognosane våre for korleis elevtalet kom til å bli framover ikkje var overdrivne. Me er svært nøgde, seier Haugetuft.
Starta med tur
Tysdag var det tid for årets fyrste skuletur for elevane, og for å bli betre kjende med lokalmiljøet gjekk turen til Mørketjønn mellom Åmotsdal og Svartdal.
Dei yngste elevane var på dagstur, medan dei eldste skulle overnatte til neste dag.
Me jobbar aktivt med skulemiljøet og elevane sin lokale identitet. Difor nyttar me nærområdet. Me har hatt fleire turar rundt om i Åmotsdal og omegn. Dessutan er ein tur fin sosialisering for elevane, seier rektor Svein Vetle Trae, som òg er svært nøgd med at elevtalet aukar.