Arbeidarpartiets Hilde Alice Vågslid, Kjell Magne Grave og Vidar R. Vindal ynskte å gje alle dei tre aktuelle aktørane frist ut året på å presentere konkrete planar for næringssatsinga i Høydalsmo. Men fleirtalet i formannskapet sette fristen til slutten av august.
Arbeidarpartiets Hilde Alice Vågslid, Kjell Magne Grave og Vidar R. Vindal ynskte å gje alle dei tre aktuelle aktørane frist ut året på å presentere konkrete planar for næringssatsinga i Høydalsmo. Men fleirtalet i formannskapet sette fristen til slutten av august.

Gjev alle dei interesserte sjansen

Formannskapet i Tokke sa i går ja til å gje dei tre interessentane; Rodney Omdal Karlsen, Vinje Invest AS og Høydalsmo Næringspark AS, høve til å presentere planane dei har for næringsarealet mellom Statoil og Oftevatn i Høydalsmo.

Det var semje om å gje alle interessentane same sjansen til å etablere seg i Høydalsmo. Men Senterpartiets representantar ville ikkje vere med på Arbeidarpartiets framlegg om å gje dei tre aktuelle aktørane ut året på å kome med konkrete planar både med bygg og økonomi.

– Vanskeleg gladsak

I saksframstillinga kom det fram at prosjektet til Karlsen stod fyrst i køen, sidan han alt i 2010 hadde sendt søknad til kommunen om å kjøpe eller leige arealet. Han har også kome med skisser av bygget og planar om kva det skal innehalde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er i utgangspunktet ei gladsak. Med tre interessentar må det vel vere eit luksusproblem. Men på same tid er dette ei vanskeleg sak. I førre kommunestyreperiode hadde eg som ordførar mange møte med mellom anna Høydalsmo Næringspark AS. Karlsen høyrde eg aldri noko frå. No er eg oppteken av at me gjer dette rett, sa Hilde Alice Vågslid (Ap).

– Klønete handsaming

Senterpartiets Thor Arne Heggtveit var samd med Vågslid i at det no var viktig å gjere dette rett.

– Eg er samd med Hilde – saka har så langt blitt handsama klønete. Ei positiv sak som dette eigentleg er kan altså ende på dette viset. Folk reagerer på at ein søknad frå 2010 med eitt har blitt aktuell att utan at det har kome purringar frå Karlsen undervegs, sa han.

Det kom også fram at det har blitt arbeidd parallelt med forskjellige aktørar. I 2014 blei det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle sette fart på arbeidet med arealet i Høydalsmo. Dei har i stor grad arbeidd mot Høydalsmo Næringspark og andre aktørar. Men Karlsen høyrde dei altså ikkje noko frå.

– Me høyrer at ordføraren har eitt bein i samtaler med Karlsen, medan arbeidsgruppa har det eine beinet i samtaler med andre. Me må ikkje la satsinga på eksisterande næringsliv berre vere ord i fine taler, sa Heggtveit.

Ordførar Felland er ikkje samd med Heggtveit i at han har det eine beinet hjå Karlsen.

– Eg vil seie at eg har hatt mange samtaler med Høydalsmo Næringspark, så det er nok ganske likt fordela, seier han.

Presentasjon i august

Framlegget frå Senterpartiet blei at aktørane får frist på seg til å presentere prosjekta sine for formannskapet i slutten av august, og at politikarane då vil avgjere kven som ligg best an til å etablere seg i Høydalsmo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framlegget fekk fleirtal med fire røyster mot Arbeidarpartiets tre røyster.

Dermed kan det bli ein hektisk sumar for i alle fall Vinje Invest og Høydalsmo Næringspark, som truleg ikkje har kome like langt i planlegginga som Karlsen.