Nye Telemarkskyri Meieri AS har starta prøveproduksjon av smør, eit produkt meieristyrar Terje Erik Garberg har plan om skal bli stor salsvare. Bak er Marcus Dahler og tilkallingshjelp Astrid Greivstad.
Nye Telemarkskyri Meieri AS har starta prøveproduksjon av smør, eit produkt meieristyrar Terje Erik Garberg har plan om skal bli stor salsvare. Bak er Marcus Dahler og tilkallingshjelp Astrid Greivstad.

Smør i tonnevis

Nye Telemarkskyri Meieri AS i Fyresdal har starta prøveproduksjon av smør. Målet frå 2010 er 500 tonn smør i året. Blir det også pultostproduksjon, kan det vere aktuelt å ta inn lokal mjølk frå telemarkskua.

Fredag var ein i gang att med å produsere smør i lokalet der tidlegare Telemarkskyri Meieri AS heldt til på Molandsmoen i Fyresdal.

– Då er me i gang att. Me har starta prøveproduksjon av smør, og når prøveresultata er klare skal produktet ut til butikkar i fylket. Me håper det skjer før påske, seier meieristyrar Terje Erik Garberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mattilsynet set krav om ein prøveperiode, og derfor blir det i fyrste omgang bare opna for sal innan Telemark.

Pakkeline

Smøret blir laga av Tine-fløyte som er frakta frå Sem i Vestfold. I ein 14-dagars periode no reknar den nye verksemda med å produsere 1.000 kilo smør. Garberg fortel at då har ein passert heile fjorårstalet for meieriet som gjekk konkurs i 2008.

– Produksjonen av smør hadde gått like bra i fjor om ein hadde fått nok fløyte. Det var ikkje tilgang på nok råstoff for å lage mykje smør, seier Garberg.

Den gongen kom råvara frå telemarkskyr i vestfylket. Det kan igjen bli aktuelt for meieriet å ta inn slik lokal mjølk, sidan planen er å starte med pultost også.

Førebels blir smøret handpakka ved meieriet. Tanken er å kjøpe ei pakkeline slik at smørbegera blir fylte automatisk. Garberg fortel at når lina er på plass, blir det skiftordning i verksemda som i dag har to tilsette og ei tilkallingshjelp.

Utnytte råstoffet

– Hovudpoenget no er at me skal få økonomi i drifta. Vidare ynskjer me å utnytte råstoffet fullt ut. 60 prosent av fløyten i meieri-Noreg blir ikkje utnytta i dag, fortel meieristyraren i Fyresdal.

Målet for meieriet på Molandsmoen er å produsere 500 tonn smør i året frå 2010.

– Det er heftig mykje, men det er realistisk, seier Garberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det også blir produksjon av pultost i verksemda, er ein så og seie tilbake til utgangspunktet for fyrstegongsetableringa der det var fokus på tradisjonelle produkt.

– Sjølv om det gjekk galt den gongen, er det aldri så galt at det er godt for noko. No er me i gang att, og her skal det bli varige arbeidsplassar, seier ein optimistisk Garberg.

Laurdag blir det ope meieri med omvising, og då får folk også høve til å sikre seg det nye smørproduktet.

– Prisen vil vere konkurransedyktig overfor anna delikatessesmør, lovar Garberg.