John Olav Fjalestad er framleis veldig glad i yrket som sauebonde. Men store tap grunna gaupa gjer at han ikkje ser anna utveg enn å slutte med drifta.
John Olav Fjalestad er framleis veldig glad i yrket som sauebonde. Men store tap grunna gaupa gjer at han ikkje ser anna utveg enn å slutte med drifta.

– Gaupa tvingar meg til å slutte med sau

Nissedølen John Olav Fjalestad mista 54 lam og fire sauer siste beitesesong. På grunn av gaupa orkar han ikkje vere sauebonde lenger. – Eg blir tvinga vekk frå sauedrifta. No byrjar eg med pelsdyr. Det er mange usikre ting i den næringa også, men då er i alle fall dyra i bur, seier Fjalestad.

Fjonebonde John Olav Fjalestad er ein av dei i Telemark som mista flest sauer og lam på beite i fjor. Av 190 lam kom 54 aldri heim att. Vidare forsvann fire vaksne sauer av dei 100 som gjekk i Fjone-heiene. Fjalestad er ikkje i tvil om kven som har skulda for det han karakteriserer som eit fælt tap.

– Gaupa! I ein flokk bak Vaddefjell var halve lammeflokken borte. Og rovdyret gjer at sauene spreiar seg over store område. Enno føler eg ikkje at eg er ferdig med leitinga, sidan eg manglar så mange. Men eg kan ikkje bare halde på å leite og leite. Elles er det sett spor etter fleire gauper i området etter at snøen kom. Stamma er alt for stor, seier ein frustrert Fjalestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel vidare at det året det blei felt tri gauper på Fjone, gjekk tapstalet på sauer ned same året. Eitt år mista Fjalestad bare to av 285 lam. Men med dei spora som er sett i området siste åra, føler bonden seg sikker på at rovdyret er årsaka til dei høge tapa.

Øydelegg trivselen

Fylkesmannen i Telemark har gjeve Fjone-bonden erstatning for sauetap gjort av rovdyr. Fjalestad får erstatta 35 av 54 lam og to av fire sauer.

– Erstatninga er betre enn i 2004, men langt frå det eg meiner ho skal vere, seier bonden som har drive med sauer sidan 1993.

Snart treng han ikkje vere opptatt av erstatninga lenger.

– Gaupa gjer at eg gjev opp og kuttar ut sauehaldet i løpet av dette året. Det øydelegg trivselen min fullstendig å vere saueeigar når gaupa herjar som ho gjer. Eg har vore veldig glad i yrket mitt, og er det enno. Men eg blir tvinga vekk frå sauedrifta, og ser heller ikkje at det er varsla nokon politisk forandring på rovviltproblemet, seier Fjalestad.

No har han byrja på førebuinga med heller å satse på pelsdyr på Fjone.

– Det er mange usikre ting i den næringa også, men då er i alle fall dyra i bur, avsluttar Fjalestad.

Rovvilterstatningar 2005

Fylkesmannen fekk i fjor 59 søknader om erstatning for at freda rovvilt hadde tatt sau og lam. 56 søkjarar får sendt heim pengar sidan rovdyr har forsynt seg av næringsfatet til bøndene. Fylkesmannen erstattar 81 sauer og 796 lam med totalt 1.262 810 kroner, ein kvart million meir enn i 2004 då 600 lam blei erstatta. For 2005 har 43 bønder i Vest-Telemark fått godtgjort tap av 61 sauer og 570 lam, rekna til over 900.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje gaupejakt i år?

Sjølv om tapstalet på sau og lam aukar i Telemark, kan gaupa i fylket denne vinteren bli freda for fyrste gong på 13 år, melder avisa Varden. Styresmaktene krev at det skal vere observert minst 12 familiegrupper (hogaupe med ungar) i gjennomsnitt dei tri siste åra i regionen der Telemark, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder er med. No viser det seg at snittet for dei tri siste åra er under 12. Om det blir gaupejakt avgjer Direktoratet for naturforvalting i løpet av dei nærmaste dagane.

Av 13 familiegrupper i regionen i fjor, blei seks observert i Telemark.