Senterpartiet – viktige distriktsverdiar og konkrete løysingar
Politikk handlar om verdiar og konkrete løysingar. Senterpartiet legg stor vekt på dei politikkområda som er viktige for næringsliv, miljø, distrikt og folk flest. Når Olav Skjerve etterlyser meir konkrete forslag til løysingar har eg prøva å vera konkret på spørsmåla om kva Seljord SP står for. På heimesida vår har me lagt ut ca 100 konkrete programpunkter.
Skjerve tek opp eit viktig spørsmål om jordvern som Senterpartiet har, og vil ha, stor fokus på. Som Skjerve skriv hindrar nedbygginga framtidig jordbruksproduksjon på desse areala. Bygger me ned 1 daa åkerjord er det einstydande med at me misser kornproduksjon for t.d. tilsvarande 1000 brød kvart år. Og det er ikkje berre det eine året, – det er kvart år framover. Om me får styre kommunen etter valet til hausten, kan me garantere at jordvernet skal prioriterast høgt!
Artikkelen held fram under annonsen.
Sentraliseringa og veksten i Oslo sin befolkning er to sider av same sak. Også dei tala Skjerve refererar viser dette. Den store arbeidsinnvandringa me opplever i Oslo er nettopp årsaka av at så mykje verksemd blir flytta til Oslo. Me treng nye og effektive verkemiddel som kan snu denne straumen. Distriktsskattelova (1969 -i 1990) var eit slikt virkemiddel som virkeleg slusa utviklingskapital til næringslivet ute i distrikta. Dette var også medverkande til at Vest-Telemark Næringsbygg i denne perioden bygde over 70 næringsbygg i regionen.
Kommunereforma ser ut til å bli ei ny sentraliseringsreform. Slik den no ligg føre er det få insitament for økonomisk innsparing og få nye oppgåver som tilseier behov for samanslåing. Med det utgangspunktet vil Seljord Sp difor arbeide for at Seljord kan halde fram som eigen kommune. Det er ingen grunn til hastverk. Skal samanslåing i det heile vurderast må det vere ein klar gevinst og eit fleirtal av innbyggarane må vilja det. Godt samarbeid med nabokommunane må vidareutviklast.
Som Olav Skjerve har også eg tru på sunt bondevit. Og då får me håpe at dette er rikeleg fordelt og at vel 40 år i landbruk og bygdeutvikling kan gje ein visst ballast. Fortsatt god sommar!
Henry Mæland,
ordførarkandidat Seljord SP