På det nye bustadfeltet i Kviteseid sentrum var det tomt 2, 3, 4 og 14 som blei tinga vekk fyrst då salet starta 1. juli.
På det nye bustadfeltet i Kviteseid sentrum var det tomt 2, 3, 4 og 14 som blei tinga vekk fyrst då salet starta 1. juli.

God interesse for bustadfeltet

Etter ni dagar hadde fire husbyggjarar tinga tomt i det nye bustadfeltet i Kviteseid sentrum.

Avdelingsingeniør ved teknisk eining i Kviteseid kommune, Arne Kleivstaul, er godt nøgd med interessa for dei nye kommunale bustadtomtene i sentrum.

– Mange har vist interesse for det nye feltet. Det er gledeleg, seier Kleivstaul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at fire av dei sytten tomtene alt er tinga vekk, nokon til småbarnsfamiliar som ynskjer å etablere seg i kommunen og andre til noverande innbyggjarar som ynskjer å byggje nytt. Fleire interesserte har også meldt seg.

Fire ville ha den same

I slutten av juni heldt kommunen ei fellesvisning, og 1. juli blei salet opna.

Etter visninga var det fleire som ynskte å sikre seg draumetomta: Ei av tomtene var det fire tingarar som gjerne ville ha. Som ein ekstra bonus trekte også kommunen ut gratis påkopling av vatn og avlaup til ein av tingarane av tomt.

– Etter loddtrekking blei den heldige eigaren av tomt nummer tre kåra, fortel Kleivstaul.

Han fortel at tomtene ligg klare med tilkomstveg, leikeplass og tilkopling til vatn, straum og avlaup.

– Gateljos vil kome på plass seinare i år, og vegen i feltet vil bli asfaltert neste år, seier avdelingsingeniøren.

Ulik storleik og pris

Dei sytten byggjeklare tomtene har ulik storleik med alt frå litt under ein dekar til litt over ein dekar. Dei er også delte inn i to prisgrupper, der tolv av tomtene kostar 250 000 kroner, medan dei fem resterande kostar 200 000 kroner. Kommunen set krav om at byggjesøknad og arbeid på huset må vere i gang innan to år.

– Om det er nokon som ynskjer ei visning, eller har spørsmål knytt til bustadfeltet, er det bare å ta kontakt, seier Kleivstaul.