Magnhild Gaastjønn heidra for bunadsbok
Torsdag kveld heidra 80 personar forfattar Magnhild Gaastjønn for arbeidet med boka «Bunaden i Vest-Telemark gjennom 200 år».
Boka er eit flott handarbeid. Ho er skrive med god penn og fine fargebilde, sa medlem i Tokke Historielag, Randi Felland i takketala til forfattaren.
Boka er gull verdt, sa ein annan gratulant.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lag, organisasjonar og kommunen kom saman på Dalen Hotel for å takke forfattaren for arbeidet med boka. Det var Mo og Skåfså Bygdekvinnelag, Tokke Mållag, Tokke Husflidslag, Tokke Historielag, Tokke Fellesakademi og Tokke kommune.
Gaastjønn sjølv kvitterte med å fortelje frå boka. Ho gav dei frammøtte ein rask gjennomgang av bunadens utvikling frå 1800-talet og fram til i dag. Ho fortalte på ein levande måte, og det var lett å sjå for seg bunadene med fargar og rosesaum. Felland skrytte av at Gaastjønn nyttar dialektform i boka.
Du brukar ord som er i ferd med å døy ut. Med boka di er dei no i tekne vare på for framtidige generasjonar, sa Felland.
Lærebok
Eg skreiv denne boka for at ungdomen kan lære korleis bunaden oppstod og har utvikla seg gjennom tidene til å bli slik den er i dag, seier Gaastjønn.
Hennar interesse for bunader ble vekt då ho gjekk på Statens Kvinnelige Kunstskole og fekk høyre eit føredrag om folkedraktas historie i Europa og korleis stilartane i Europa påvirka bygdelaga i Noreg og bunadene her til lands.
Yndlingsbunaden min er Vest-Telemark-bunaden. Den er elegant, sjølv om Aust-Telemark-bunaden er fargerik og flott å sjå på. Nokre ungdommar vil ha breiare band på Vest-Telemark-bunaden, men det er ikkje rett. Det er heller ikkje rett å bruke kniv til. Det er berre ein motesak, opplysar Gaastjønn.
Ho rådar bunadsbrukarar om å ikkje overlesse bunadene med sylv.
Fantasibunad
Gaastjønn fortel at Telemark sidan 1800-talet har ei ubroten draktline. Det vil seie at bunaden, sidan han kom, alltid har vore i bruk i fylket.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bunaden forsvann aldri slik han gjorde i Vestfold. Der kasta folk bunaden på båten i 1890 og konstruerte ei ny drakt i 1920, fortel Gaastjønn.
Ho mislikar dei mange oppkonstruerte fantasibunadene som er blitt så populære i Noreg dei siste åra. Ho meiner det er mykje betre å basere bunaden på ei opprinneleg drakt som har historiske røter.
Det er viktig å hugse at bunaden er ei høgtidsdrakt og ikkje berre ei festdrakt. Bunaden kan brukast til både gravferd og bryllaup. Det er eit stasplagg som absolutt er verdt pengane. For har ein bunad slepp ein å fylgje motene når det gjeld selskapskjolar og alt tilbehøret ein må ha då, uttalar ho.