Skalla til politiet etter promillekøyring
To menn i 20-åra frå Vinje er sikta for promillekøyring natt til sundag. Dei vart pågripne i ein bustad i Vinje. Den eine mannen skalla til politiet, og vart teken i varetekt for vald mot offentleg tenestemann. Mannen vart fråteken førarkortet og bilen avskilta.