Overlege Pål Andre Holmé ved Rikshospitalet fortel at undersøkingane dei har gjort så langt peiker i retning av at det er ein samanheng mellom dei alvorlege tilfella av biverknader og AstraZeneca-vaksinen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Overlege: Truleg samanheng mellom vaksine og alvorlege biverknader

Overlege Pål André Holme ved Rikshospitalet seier at han trur det er ein samanheng mellom AstraZeneca-vaksinen og dei alvorlege tilfella av biverknader.

– Eg synest det er vanskeleg å konkludere enno. Men eg vil sjå på det som meir usannsynleg at det ikkje er nokon samanheng, enn at det er ein samanheng, seier Holme, som er overlege ved avdeling for blodsjukdommar, til NRK.

– Så det kan altså vere ein samanheng?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur det, ja, svarer han.

Éin av dei tre helsearbeidarane som nyleg vart innlagde på Rikshospitalet etter å ha fått AstraZeneca-vaksinen, døydde søndag. Sjukehuset har undersøkt breitt for å finne ut om det kan vere ein samanheng.

– Resultata byrjar å tikke inn, og vi byrjar å få indisium på at det er assosiasjonar her, seier Holme.

(©NPK)