Halleluja-veke i Seljord
Det svingar og duvar i Maran - Ata-teltet på Nes Camping i Seljord. Halleluja-veka er i gang. Ein kan seie kva ein vil. Men Viggo Abrahamsen & co i New Life Mission veit å samle folk - og dei veit å få opp stemninga. Godt over 500 var samla i teltet sundags kvelden. Og «kroppen» - dei frelste - tok straks opp den utstrakta handa frå Viggo, som gjerne tek utradisjonelle metodar i bruk for å få folk med seg.
Jeg er frifunnet,
Artikkelen held fram under annonsen.
jeg er frifunnet,
for skylden og straffen
tok Jesus på seg.
– Ser ein slik ut når ein er frifunnen? spør predikanten og dreg geipen ned.
Lesmeir i VTB-arkivet - ope for alle abonnentar!