I berre trusa stoppa han tjuvane
Litt over klokka sju ein sundagsmorgon tok Torgeir Aarak i Treungen i berre trusa opp jakta på dei han såg stal frå garasjen til alarmselskapet sitt.
Det er sundagsmorgon i slutten av april og klokka er 07.15. Alarmselskapseigar Torgeir Aarak vaknar plutseleg i det ein sensor varslar over telefon at det er folk i garasjen like ved der han bur.
– Eg trudde det var sonen min som jobbar for meg, seier Aarak.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan då ikkje vere innbrot på denne tida, tenkte han, men opna likevel utgangsdøra for å sjå. Og der han stod berre i trusa fekk han sjå to karar springe ut av garasjen med ein sykkel til verdi av 15 000 kroner.
– Eg ropa til dei; kva f… er det de driv med. Kom dykk til helsikes vekk, fortel Aarak.
Kasta stein
Tjuvane forsvann bak garasjen.
– Du får adrenalin, blir veldig gira og tenner på alle ti. Svarte heller, her har eg ikkje tid til å kle meg. Her er det bare å gnu på, seier Aarak om reaksjonen hans.
Ein svart bil som i ettertid viste seg å ha blitt stolen i Skien få dagar før, kom køyrande i full fart ved garasjen og forbi huset til Aarak. I bilen sat det éin person. På andre sida av huset, der fylkesvegen til Fjone går, kom den andre karen syklande i full fart. På kamera kunne eigaren i ettertid sjå at bilisten og syklisten heldt på å kollidere der vegen frå industriområdet møter fylkesvegen.
– Dægeren, det var nære på at han køyrde ned kompisen sin, seier Aarak, og viser fram filmen.
Han forta seg å ta bilen sin for å fylgje etter. Syklisten svinga inn på campingplassen like ved, og det same gjorde forfylgjaren. Han stoppa bilen og fekk rive til seg sykkelen.
– Tjuven pila av stad. Eg fylgde etter, men så byrja han å kaste stein på meg. Eg tenkte at svarte, dette gidd eg ikkje. Eg hadde fått tak i sykkelen, nå fekk politiet ta seg av resten. Og eg var i underbuksa, seier Aarak om episoden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fjerde gongen
Han reiste bort til huset med sykkelen sin.
– Då tenkte eg at eg skulle finne denne rakkaren, og heiv meg i bilen. Eg tok han att på Tveitsundbrua, og like etter blei han plukka opp av kameraten i den stolne bilen. Dei køyrde mot Gautefall, seier Aarak.
Han fylgde ikkje etter, men hadde alt varsla politiet, som kom etter éin time.
– Dette er fjerde gongen eg har jaga tjuvar. Når alarmen går rykkjer eg ut, og kontaktar mellom anna politiet. All honnør til politiet, dei stiller opp med ein gong, seier Aarak.
Må fylgje med
Etter det han veit er tjuvane ikkje tatt. Bilen dei hadde blei observert i byggjefelt i Treungen før sykkelen blei stole frå garasjen til alarmselskapet. Aarak trur tjuvane har vore hos han før og sett ein firehjuling der etter å ha kikka inn i garasjevindaugo.
– Her har det blitt stole ein firehjuling tidlegare, og eg trur det var ein slik dei var ute etter. Men firehjulingen var ikkje her denne morgonen. Elles undrar det meg at dei ville stele ein sykkel det ikkje var plass til i den vesle bilen. Dei ville nok gøyme sykkelen og hente han seinare, trur Aarak.
På bygget hans er det eit stort skilt som fortel at det er alarmselskap der, og slik opplysning stod det også på bilen til Aarak som tjuvane køyrde forbi.
– Kva tenkjer du om at dei ville gjere innbrot hos eit alarmselskap?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei må ha visst at det var alarmselskap her, men kan ha vore rusa. Han eine verkar rar i augo, svarar Aarak.
Til slutt kjem Aarak med ei oppmoding til bygdefolk:
– Folk må vere oppmerksame og gøyme ting litt vekk.