Johan Vaa, leiar i organisasjonen for dei private grunneigarane rundt Hardangervidda, trur mange vil fylgje oppmodinga om å la vere å jakte.
Johan Vaa, leiar i organisasjonen for dei private grunneigarane rundt Hardangervidda, trur mange vil fylgje oppmodinga om å la vere å jakte.

Kan bli brei tilslutning til ikkje å jakte

Fjellstyra seier nei til å jakte rein på Hardangervidda i haust. I tillegg oppmodar styret i Hardangervidda grunneigarsamskipnad om å la vere å jakte. – Denne oppmodinga trur eg det blir brei tilslutning til, seier Johan Vaa, leiar i Hardangervidda grunneigarsamskipnad. Sjølv om fellingskvoten er på 1.000 dyr, kan resultatet bli at få av dei blir jakta på.

Private og statlege grunneigarar og ordførarane i kommunane rundt Hardangervidda fekk ikkje miljøvernministeren til å gjere om vedtaket om jakt på 1.000 rein denne hausten. Utval, nemnder og fjellstyre ville ha freding, men eit mindretal av grunneigarane nådde fram med klaga til Direktoratet for naturforvalting (DN), og dermed blei det opna for jakt likevel.

Johan Vaa, leiar i organisasjonen for dei private grunneigarane rundt Hardangervidda, har sitt syn på at miljøvernministeren ikkje ville gripe inn og gjere om vedtaket til DN.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein ser i mange hierarki at prestisje er noko for seg sjølv, seier Vaa.

Kan overprøve vedtaket

Private og statlege grunneigarar og ordførarane i kommunane rundt Hardangervidda bad om eit møte med departementet, men det fekk dei ikkje.

– Det var ein smule arrogant av departementet, kommenterer Vaa.

Vinje kommune seier nei til jakt på Berunut-eigedomen i år. Fjellstyra har vedteke ikkje å jakte i haust. Det tyder at 30 prosent av fellingsløyva blir liggjande i skuffen. Men formelt sett kan DN overprøve vedtaket i fjellstyra.

– Gjer DN det, blir bildet av DN som maktarrogant og prestisjeryttar endå heilare, seier Vaa.

Styret i Hardangervidda grunneigarsamskipnad representerer dei private grunneigarane, som rår over resten av fellingskorta. Styret har mot ei røyst vedteke å oppmode om ikkje å jakte.

– Denne oppmodinga trur eg det blir brei tilslutning til, seier Vaa.

Usemje om dyretal

Han ynskjer ikkje å gje seg ut på kor stor kvote han trur vil bli jakta på i haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Får jegerane høve til å kjøpe kort, ligg det i korta at dei vil bruke dei. Men mange jegerar meiner det er rimeleg vilt å jakte på så lita stamme. Jegerar som meiner det er feil å jakte, vil ikkje kjøpe kort. Elles er det klart alle som har anka vedtaket til DN vil jakte, og eg veit om somme andre i tillegg, seier Vaa.

Utpå hausten ein gong blir det eit møte mellom grunneigarane på Hardangervidda og DN for å prøve å bli samde om prinsipp for villreinforvaltinga i framtida.

– Me skal ikkje sjå bort frå at DN tek til vitet på dette møtet, men det står att å sjå. DN vil ha monaleg lågare tal på rein enn det lokale meiner er rett. Dette blir eit viktig tema på møtet, avsluttar Vaa.