Flyktningane får endeleg tak over hovudet
I over eitt år har tri flyktningfamiliar på Dalen vore på leiting etter husvære i bygda, utan resultat. Få private husvære er tilgjengelege, og dei resterande kommunale bustadane øyremerkt andre føremål. No har Tokke kommune starta bygging av tri hus som skal lette den prekære bustadmangelen i bygda, og syte for at familiane får tak over hovudet. Husa skal vere innflyttingsklare om eitt år.
Bustadmangelen på Dalen har i lang tid vore eit gjennomgåande problem for kommunen. Og i kommunestyremøtet i september i fjor, vedtok dei folkevalde å ikkje ta i mot fleire flyktningfamiliar, nettopp i mangel av husvære. No har derimot kommunen tatt del i eit omfattande byggjeprosjekt som langt på veg løyser bustadmangelen for flyktningar og andre vanskelegstilte. Med 20 prosent finansiering og gunstige lånevilkår frå Husbanken, vil kommunen invistere i tri nye og flotte hus for ein rimeleg penge.
Det er utruleg moro å sjå at ting er i gang, seier flyktningkonsulent i Tokke, Gry Borgersen om dei byggjeklare husprosjekta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Personleg deltaking
To av husa skal setjast opp på Huvestadodden, medan det tredje vil ha tomta si på Tangane. På sikt er det tenkt at alle familiane skal overta både hus og lån når situasjonen tilseier det. Alle tri familiane har såleis vore med å påverke val av tomt, og vil på sikt også leggje føringar for delar av interiøret.
I samråd med teknisk etat valde familiane ut tomter som var bruklege til husbygging og som var relativt trygge med omsyn til flaum eller andre problem, seier Borgersen. Ho legg til at det er stor iver og glede blant flyktningfamiliane med tanke på framtidige eigarskap av dei nye husa.
Det vil nok minimum ta tri til fire år før ei overtaking er aktuell, men poenget er at familiane satsar på ei framtid på Dalen. Tilbodet er eigentleg heilt unikt og ei strålande moglegheit til å integrere seg i bygda, poengterer Borgersen.
Tipsa av Vegårshei
For vel eitt år sidan fekk Borgersen kjennskap til husbyggingsprosjektet med dei gunstige tilskots- og lånevilkåra frå Husbanken. Erfaringa nokre kommunar kunne vise til, vart såleis lagt fram for Tokke.
I Vegårshei i Aust-Agder starta dei eit tilsvarande prosjekt nokre år tilbake. Alle flyktningfamiliane har no overteke husa sjølve, og byggjeprosjekt nummer to er alt i gang, fortel Borgersen.
Det er veldig moro at kommunen har synt velvilje til å prøve ut prosjektet. I tillegg til å gje flyktningfamiliane skikkeleg høve til å integrere seg, investerer kommunen samstundes i nye bustader, med svært rimelege vilkår, på ein plass der bustadmangelen er prekær, legg ho til.
Arnbeidstid og kostnadar
Då husprosjekta vart lyst ut på anbod tidlegare i år, meldte tri entreprenørfirma interesse. Audun Ringhus AS vart den rimelegaste og har alt sett dei fyrste spadetaka i jorda. Om eitt år skal nøkkelen stå i døra, og alle husa vere innflyttingsklare.
For Tokke kommune vil dette koste nærare fem millionar kroner. Midlane er lånt av Husbanken, og har ei nedbetalingstid på 25 år.