– Framover vil me nok sjå meir subtile kyr enn denne, trur prosjektleiar Nicolai Riise på mjølkekrakken. Sjølv er Borghild Telnes mest nøgd med rova, som har fått sjøormutsjånad.
– Framover vil me nok sjå meir subtile kyr enn denne, trur prosjektleiar Nicolai Riise på mjølkekrakken. Sjølv er Borghild Telnes mest nøgd med rova, som har fått sjøormutsjånad.

Den fyrste kunstkyri er laus

Full av logoar og andre symbol blei den fyrste dekorerte polske glasfiberkua stilt til døming. Men det er ikkje bare ei kyr som er laus når den internasjonale kunsteventen CowParade inntek vestfylket.

«Dyrskua er ei harmonisk kyr med rasetypiske teikningar for tingingsverk å vera. Ho har godt jurfeste og passe store spener. Dyrskua har gode, sylvspente klauver, men litt trongt kryss og noko rette hasar. Totalt 1. premie med 8,5 poeng.»

Så langt lokalavisa si amatørmessige eksteriørdøming av kyri som kalligrafen på Garvikstrondi i Seljord, Borghild Telnes, har dekorert på oppdrag frå Dyrsku'n Arrangement AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg bruka ei veke på å laga skisser og grue meg. Og så bruka eg ti dagar på å måle, fortel Telnes under vernissasjen i verkstaden i uthuset på Firingan.

Å måle i mange ulike vinklar var ei utfordring, og det var mange stadar det var vanskeleg å koma til, seier kalligrafen som til vanleg arbeider mest med det som ligg paddeflatt på bordet.

Tingingsverk

Hovudmotiv i dekoreringa av kyri, som verten Dyrsku'n Arrangement AS har døypt Dyrskua, er logoen til Sogelandet, labyrinten. Også solsikkene frå logoen til Dyrsku'n Arrangement AS er med, og hovudet på kyri er måla lik logoen for 150-årsjubileet til telemarkkyri.

– Dei fire føtene symboliserer beina Dyrsku'n står på; jord- og skogbruk, dyr og kultur, handel, husflid og handverk, fortel målaren, som har smetta inn alt frå traktorhjul til bunadkniv i utsmykkinga.

Sponsorane kan velje

Prosjektleiar for CowParade Telemark 2006, Nicolai Riise, fortel at målet for paraden er ein bøling på tretti kyr. Arrangørane har eit delmål om å ha skaffa tjue vertar innan utgangen av februar, noko Riise trur dei skal greie. Han fortel at dei fleste bedriftene som har meldt interesse kjem frå Telemark, men at også nasjonale føretak er inne i biletet.

For 80.000 kroner kan sponsoren anten velje blant innsende skisser, eller han kan ha ein idé sjølv som ein kunstnar kan realisere. Til å hjelpe bedriftene med å velje kunstnarar, og til å finne stadar å plassere dei ferdig dekorerte kyrne på, har arrangørane knytt til seg Kristine Brodersen frå Kviteseid som kunstnarisk konsulent.

Riise fortel at det hittil har kome inn kring tretti skisser, men reknar med at talet vil koma opp mot hundre innan fristen er ute. Alle, både kunstnarar og ikkje-kunstnarar, er like velkomne til å levere inn designforslag. Men arrangørane har spesielt invitert medlemer av Telemark kunstnarsenter, over hundre i talet.

– I tillegg til dei lokale, kjem det også inn teikningar frå andre kantar av landet. Eg trur òg me kjem til å få inn skisser frå utlandet, seier prosjektleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skapa blest og merksemd

– Kva er målet med CowParade Telemark 2006?

– Det er firedelt. Paraden vil skape blest om kunstnarane og kunstmiljøet i fylket, og vertane får blest om verksemda si. I tillegg vil regionen få mykje merksemd; Kviteseidbyen vil profittere på arrangementet, det same vil alle kommunane som får besøk. Paraden har også ei velgjerande side – dyrskusundagen skal kyrne auksjonerast bort, og 75 prosent av inntektene går til jordbruksprosjekt i Malawi, seier Riise.

– For min eigen del vil eg leggje til at eg synest dette er gøy, det skaper liv og røre. På denne måten viser me at me kan gjera store ting her også, poengterer han.

– Kvifor bunad når den fyrste dekorerte kua skal presenterast?

– Me vil gjerne knytte arrangementet opp mot lokale tradisjonar, og me vil at lesarane skal sjå flotte folkedrakter, forklarar Riise.