Ein million til utvikling
Fyresdal, Nissedal og Hjartdal fekk ei gladmelding av kommunal- og regionalministeren torsdag. 1,1 million distriktsutviklingskroner skal fordelast på dei tre små kommunane. Ei kjærkomen vitamininnsprøyting, meinte eit samstemt kor av Ap-ordførarar.
Ap-ordførarane Erik Skjervagen (Fyresdal), Halvor Homme (Nissedal) og Sven Tore Løkslid (Hjartdal) smilte breitt då kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) kom med 1,1 million kroner til utvikling i dei tre kommunane torsdag.
Totalt deler departementet ut 15 millionar kroner til små kommunar i distrikta, for å gje dei større kapasitet til å utvikle lokalsamfunna.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ofte manglar dei minste kommunane kapital til å gjennomføre tiltak dei ynskjer, fordi det meste av pengane alt er bundne opp. Desse pengane skal gje ein «boost» til utvikling, sa Navarsete då ho overrekte gladmeldinga til dei tre ordførarane torsdag.
Trur på eiga framtid
Målet med tildelinga er å auke kommunanes innsats i utviklinga av lokalsamfunn som er attraktive for innbyggjarar og næringsliv. Målgruppa er kommunar med færre enn 2000 innbyggjarar som treng meir kapasitet eller kompetanse til å kunne prioritere strukturert utviklingsinnsats, og som ikkje alt er ein del av regionale eller statlege tiltak for å utvikle attraktive lokalsamfunn. Fylkeskommunen får ansvar for å fordele pengane mellom kommunane.
Statsråden var nysgjerrig på korleis dei tre ordførarane hadde lyst til å bruke pengane ho kom med.
Erik Skjervagen peika på prosjekt som «Heim til Fyresdal», etablering av næringshage og tomteprosjektet dei arbeider med som aktuelle til å satse ekstra på med tildelingspengane. Næringsliv og bulyst var gjennomgangsmelodien frå alle tre ordførarane.
Me som bur i små kommunar har veldig tru på ei berekraftig framtid. Det er stor bulyst, og me treng noko dei som vil bu her kan arbeide med. Me vil bruke pengane til å vidareutvikle satsinga på næringsliv, sa Nissedal-ordførar Halvor Homme.
Telemark fylkeskommune skal fordele pengane mellom dei tre kommunane. Lise Wiik i fylkeskommunen gler seg til å sjå kva som kjem ut av det.
Me kjenner kommunane godt, og det er så mykje kraft der, så mykje stoltheit. Med stor tru på seg sjølv kan ein skape utruleg mykje med dei midlane ein disponerer, sa Wiik.
Ikkje gamaldagse og bakpå
Statsråd Navarsete understreka både for dei tre ordførarane og i tala ho heldt på Vest-Telemark-konferansen at ho har ei urokkeleg tru på livskrafta til små og større kommunar i distrikta. Norske kommunar er ikkje gamaldagse og bakpå, var ho tydeleg på. Og flyttestraumane går slett ikkje berre ein veg, slik det ofte blir framstilt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tvert imot er straumane like sterke alle vegar, så det er feil at «alle» flyttar inn mot byane. Årsaka til at byane veks er fødselsoverskotet, ikkje at bygdene blir tømte, sa Navarsete.
Etter at eg sa det på radioen i dag, har eg fått mykje tyn, mellom anna på Twitter, fordi me satsar på bustadbygging i distrikta. Men dette er sjølvsagt ikkje noko eg finn på. Det er fakta, la ho til.
For bustadmangel er slett ikkje berre eit storbyproblem, det ser ein også i Vest-Telemark.
Dei viktige vegane
Frå talarstolen lova ikkje den tidlegare samferdsleministeren noko lyntogsatsing. Regjeringa og samferdsleminister Marit Arnstad la den ballen daud tidlegare i år. Men infrastruktur er noko av det viktigaste for utviklinga i Distrikts-Noreg, sa Navarsete. Då var det vegane ho fyrst og fremst hadde i tankane.
Torgeir Straand seier til VTB at infrastruktur er og alltid har vore alfa og omega for utvikling. Amen, seier eg, understreka ho frå talarstolen.
I framtidige planar for transport vil dei ta meir omsyn til arbeidsmarknaden, lova ho. Gode vegar er endå viktigare enn før, og det er ein føresetnad for vekst. Då går det an å pendle til ein annan kommune og samtidig rekke å hente ungane i barnehagen etter jobb.
Kommunal- og regionalministeren understreka også at ho gler seg til å leggje fram stortingsmeldinga om distriktspolitikk, som kjem i løpet av kort tid.
Bustad og næring vil vera viktige tema her, men det er ikkje berre det som må vera på plass for at utvikling i distrikta skal skje, påpeika Navarsete.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ta godt imot innflyttarar som kjem til kommunen. Kommunane med innbyggjarar som gjer det, vil bli vinnarane. Det er viktig med hus og gode arbeidsplassar men det hjelper ikkje viss folk ikkje trivst, var den klare oppmodinga frå statsråden på Vest-Telemark-besøk.