30 dekorerte kyr skal prege Vest-Telemark
Det globale kunstfenomenet CowParade kjem til Vest-Telemark i juni. 30 glasfiberkyr i naturleg storleik skal bli dekorerte av lokale kunstnarar og bli stilt ut i bygdene. Opninga skjer i Kviteseid i juni i samband med Telemarkskua sitt 150-års jubileum.
Nicolai Riise frå Kviteseid er prosjektleiar for CowParade Telemark. Måndag vart Vest-Telemarkrådet orientert om prosjektet på eit møte i Morgedal. Riise forsikra at paraden i Vest-Telemark ikkje blir som andre paradar som sidan 1998 har vore i heile verda.
Me tilfører dette urbane fenomenet ein ny dimensjon. No skal kyrne ut på landet og blir såleis plasserte i ein ny kontekst. Bygda har aldri tidlegare vore ramma rundt CowParade, fortel Riise.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innan 1. mars må alle kunstnarar, amatørar som profesjonelle, sende inn framlegg om korleis dei ynskjer å dekorere ei ku. Ein jury vil plukke ut dei som får høve til å dekorere ei av dei 30 glasfiberkyrne. Kviteseid-kunstaren Gunnar Torvund er spesielt invitert til å dekorere ei av dei, og han har takka ja til utfordringa.
17. juni får ein høve til å sjå den spesielle kuparaden i Kviteseid før dei blir plasserte ut i heile Vest-Telemark. Det heile blir avslutta i samband med Dyrskun i september. Då skal dei 30 kyrne bli auksjonerte bort.
No arbeider me intenst for at kvar ku skal få sin vert. Mellom anna vil næringslivet bli bedne om å vere vertar. 80.000 kroner kostar vertsrolla for kvar ku, og då kan verksemdene nytte CowParade i marknadsføringa si. Etter utstillinga vil 75 prosent av inntektene som kjem inn på auksjonen, gå til eit velgjerande formål, seier Riise.
Solveig Hellevig, dagleg leiar i Dyrskun, fortel at dei har valt å støtte Utviklingsfondet som driv fleire landbruksrelaterte utviklingsprosjekt i Afrika.
Ein av dei som verkeleg har fatta interesse for CowParade er fylkesordførar Gunn Marit Helgesen. Ho hadde ynskt at dette hadde vore eit prosjekt for heile Telemark, og opplyste på Gautefall tysdag at i så fall ville fylkeskommunen gå inn med ein million kroner i CowParade Telemark.
Frå ordførarane fekk ho vite at dei såg på dette som eit Vest-Telemarkprosjekt i fyrste rekkje. Men dei uteklukka ikkje at nokre av kyrne kunne bli plasserte ut i byane.
Knut Buen er utnemnt til offisiell artist i CowParade Telemark 2006 og Tone Jorunn Tveito frå Tokke er ambassadør.
Hovudvertar for CowParade er Telemark fylkeskommune, landbruksavdelinga hos Fylkesmannen og Vest-Telemarkrådet. Dyrskun står som arrangør saman med Telemarksreiser og Telemarksforsking i Bø.