Bleieflagget frå 1945 blafra i vinden utanfor omsorgssenteret
– Bleieflagget frå 1945 blafrar i maivinden utanfor Rauland omsorgssenter på frigjeringsdagen, skriv Kari Tveiti Ormestøyl i ei melding til lokalavisa.
Då beskjeden om freden var klar 8. mai 1945 visste Britta Loftsgarden og svigerinna Inga Fehn at det mangla eit skikkeleg flagg i Vå, og dei tok saka i eigne hender.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me bruka mellom anna bleiene til sonen min Henry, som var to månadar på den tid, fortalde Britta til VTB i 2016.
Her kan du lese historia om bleieflagget.