– Når unge byrjar med alkohol som tolvåringar må me slå alarm, seier Ågot Takle Nesland. Ho oppmodar alle foreldre til å ta eit tak for å løyse rusproblem blant unge i Fyresdal.
– Når unge byrjar med alkohol som tolvåringar må me slå alarm, seier Ågot Takle Nesland. Ho oppmodar alle foreldre til å ta eit tak for å løyse rusproblem blant unge i Fyresdal.

Tolvåringar tatt med alkohol på skuletur

Fleire tolvåringar blei avslørt med alkohol då Gimle skule i Fyresdal arrangerte tur i haust. Ågot Takle Nesland ved helseetaten i kommunen har i mange år sett ei skremmande utvikling med alkoholbruk blant unge. – Det er veldig mykje alkohol blant ungdomane i bygda. Kvar er foreldra, undrar ho. Til veka blir rusproblemet tema både i skulen og på folkemøte.

Ågot Takle Nesland har i mange år sett ei skremmande utvikling med alkoholbruk blant unge i Fyresdal.

– Nå er det veldig mykje alkohol blant ungdomane i bygda. Kvar er foreldra, undrar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I haust blei det avslørt at minst to tolvåringar på mellomtrinnet ved Gimle skule hadde med seg alkohol på ein skuletur.

Slår alarm

– Når dei byrjar med alkohol som tolvåringar må det slåast alarm. Eg veit at dei fleste foreldra i Fyresdal er redd utviklinga, men somme er for søvnige i forhold til rusproblem blant unge. Foreldre vil ikkje innsjå at det kan skje i eigen familie. Når ungdomane kjem heim frå fest bør foreldra vere der og ta dei imot, meiner Takle Nesland. Ho trur foreldre som bryr seg blir takka av ungdomane når dei blir vaksne.

Takle Nesland har vidareutdanning innan rus. Det viser seg at all rus byrjar med alkohol.

– Det er om å gjere å setje ein stoppar for alkoholbruken blant unge så fort som råd. Når dei unge rusar seg har dei ikkje kontroll på eigne kroppar. Det aukar sjansen for ufriviljug sex som kan få store konsekvensar. Trur nokon at gutane spanderer fordi jentene er tørste, spør Takle Nesland.

Ho blir skremt når ho høyrer om og sjølv oppdagar at vaksne ungdomar og foreldre kjøper alkohol til unge under 18 år.

– Kanskje er det ei utvikling som er større på landet, undrar helsearbeidaren.

Foreldre kan få seg eit sjokk

Alkoholproblemet blant unge i Fyresdal er årsaka til at rus er tema på ungdomsskulen heile fyrstkomande tysdag. Kvelden før er rus tema på eit ope møte på samfunnshuset.

– Alle foreldre bør møte fyrstkomande måndag. Eg trur dei i klartekst vil få greie på kva som rører seg blant ungdomane. Foreldre kan få seg eit sjokk, seier Takle Nesland frå arrangørgruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er helse, sosial, barnevernet og skulen som samarbeider om temakvelden. Politifyrstebetjent Bente Hauger skal halde foredrag om rus. Hauger har eigne barn, er fostermor til narkotikamisbrukarar og har erfaring som barne- og ungdomsarbeidar. Ho har med seg ein narkotikahund som er kåra til den beste i landet.

– Eg håpar Hauger provoserer fram ein diskusjon rundt rusproblemet i Fyresdal, seier Takle Nesland.

Ungdomsskulen har plukka bær i samband med temakvelden, og vil servere sjølvlaga alkoholfrie drinkar.