Treungenjenta May-Britt Trontveit Jensen kan smykke seg med tittelen «Miss civilization of the world».
Treungenjenta May-Britt Trontveit Jensen kan smykke seg med tittelen «Miss civilization of the world».

Miss civilization

Treungenjente til topps i missekonkurranse.

Onsdagskvelden blei May-Britt Trontveit Jensen (23) ropt opp som vinnar av missekonkurransen «Miss civilization of the world» i tyrkiske Izmir der finalen blei arrangert.

– Det er utruleg moro, og så eg som aldri har vunne noko. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, strålar Trontveit Jensen på telefon frå Istanbul.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølvsagt håpa eg på å vinne når eg fyrst var med, men eg hadde ikkje trudd dette, held ho fram.

Onsdag kunne ingen av dei 19 andre deltakarane måle seg med jenta frå Treungen. På finalekvelden viste dei ulike representantane seg fram i mellom anna nasjonaldrakt, bikini, brudekjole og selskapskjole. I tillegg måtte dei svare på spørsmål. Trontveit Jensen viste også fram songtalentet då ho frå scena framførte «Halleluja».

– Greitt med litt ekstra show, smiler ho.

I slutten av denne månaden fyller ho 24 år, og missetittelen er ei flott gåve å ta med til København der ho bur no. På flyplassen venta sambuar og to barn på å ta i mot den ferske missen.

Dansk-norsk

May-Britt Trontveit Jensen vaks opp i Treungen, og har gått to år på ungdomsskulen i bygda. Men mesteparten av livet har ho budd i Danmark. Ho har dobbelt statsborgarskap, men representerte Noreg i «Miss civilization of the world».

Ho var meir enn ei veke i Tyrkia i samband med finalen. Og sjølv om opphaldet har vore ei oppleving, har det blitt lite søvn. Dagane har blitt bruka til trening med koreograf frå Hellas.

– Det har vore mykje trening. Me har halde på til 3-4 om nettene, og stått opp klokka 8, fortel ho.

– Er du freista til å bli med i andre missekonkurransar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Akkurat no er svaret nei. Det har vore utruleg mykje arbeid og berre 3-4 timar søvn kvar natt, seier ho.

Miss tennisklubb

Då ho gjekk til topps i «Miss civilization of the world» var det andre gong ho vann missetevling på kort tid. Tidlegare denne veka blei ho krona som «Miss tennisklubb». Dei tolv dommarane valte treungenjenta som vinnar, og dagen derpå var ho i fem tyrkiske aviser. Ho fekk ein tennisracket i gull som premie, i tillegg til ei krone.

I Tyrkia har jentene blitt tatt imot som kjendisar. Mykje presse har vore tilstades, og folk har bede om bilde saman med jentene.

– Det har blitt mykje smiling, ler ho.

Det var svenske Peter Hadward som sendte treungenjenta til Tyrkia. Trontveit Jensen såg eit oppslag om konkurransen og tok kontakt. 16. mai blei det klart at ho fekk representere Noreg i missekonkurransen.

Jobbar på herberge

Til dagleg jobbar Trontveit Jensen på eit herberge for heimlause. Her hjelper ho til dømes alkohollikarar. I tillegg jobbar ho som modell i den danske hovudstaden. Tidlegare budde ho i Aalborg, men no er ho i ferd med å byggje seg opp eit nettverk i den danske storbyen.

– Det er stor konkurranse i modellbransjen, fortel ho.

Men ein missetittel vil nok vere til god hjelp for å byggje opp kontaktnettet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein ting er å vere representert, men det er 20 gonger større å vinne, seier ho.

– Har du alltid villa bli modell?

– Eg trur alle jenter drøymer om det, og eg var ikkje noko unnatak, smiler ho.

– Kor ofte er du heime i Treungen?

– Eg er heime så ofte eg kan og besøkjer mamma og tanter og onklar, og så er mamma mykje på besøk i Danmark, fortel ho.